Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Adventsgudstenester for skule og barnehage

I løpet av desember har det vore 40 adventsgudstenester for skulane og barnehagane i kommunen. På desse gudstenestene har over 900 barnehagebarn og 2500 skuleelevar deltatt.

Første adventsveka var det barnehagane som kom til kyrkjene for å vere med på adventsgudsteneste i kyrkja og samling med peparkaker og songstund i kyrkjelydssalen. Alle barnehagane fekk òg ei julebok frå kyrkja – med songar, bilete, aktivitetar og forteljingar – som dei kan bruke vidare i barnhagane.

Dei to neste vekene kom det elevar frå alle barneskulane, i tillegg til Tranevågen ungdomsskule på skulegudstenester. Her deltok elevar med tekstlesing frå juleevangeliet, lystenning og mange ulike musikalske innslag. Det blei òg arrangert ein eigen sansegudsteneste for spesialavdelinga på Hjelteryggen, Tranevågen og Sørlibasen.

Både barnehagebarn og elevar fekk møte gjetaren frå Betlehem. Først då han var på veg «på jobb» som nattevakt utanfor landsbyen, så etterpå då han hadde opplevd noko så utruleg som eit englebesøk i natta!

Både prestane, pedagogane, organistane og kyrkjetenarane har vore i aksjon desse vekene. Gjennom julesongar, juleregle, drama og andakt, har dei i år òg fått vere med å sette juleevangeliet i fokus i adventstida.