Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Idyll

Det var rein idyll då nystarta "Lillelørdag" og "Tweens +" reiste på leir til Wallemtunet fyrste helga i juni.

Leik og underhaldning, bading i kulpen og elva, bibeltime, kveldsavslutningar, gudsteneste, fjelltur og god mat, blide andlet, latter og sol, strålande sol, heile helga.

"Kven er Jesus" var tema på leiren og Renate, Søgnie og Maria delte tre ulike historiar om korleis dei vart kristen og vart kjend med Jesus. Gode refleksjonar og tankar, både frå leiarane men ikkje minst frå deltakarane, gav påfyll til alle saman.

Det var kos frå ende til annan - og vi gler oss til ny leir. For dette var rett og slett rein idyll!