Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Konfirmasjon 2020

Nå er datoane for konfirmasjonane i 2020 klare. Meir informasjon og påmelding til konfirmantåret kjem til våren.

Fjell kyrkje

Laurdag 2. mai:                Ulveset – Tellnes – Skålevik (Algrøy/Syltøy)

Søndag 3. mai:                  Kolltveit (Ekerhovd) – Knappskog

 

Foldnes kyrkje

Laurdag 2. mai:                Foldnes

Søndag 3. mai:                 Bjorøy – Brattholmen

Laurdag 9. mai:                Hjelteryggen – Liljevatnet

 

Landro kyrkje

Laurdag 9. mai:                Ågotnes – Misje – Spjeld

Søndag 10. mai:               Landro

 

(Alle som skal vere konfirmantar må melde seg på til konfirmantåret. Påmeldinga opnar på nettsida 1. mars.)

 

I utgangspunktet blir alle konfirmantane konfirmert i den kyrkja dei soknar til. Dersom den oppsette dagen blir vanskeleg, kan ein be om ei anna kyrkje eller ein annan dag.
 

Klokkeslett for konfirmasjonsgudstenesta

Det vil bli to konfirmasjonsgudstenester på kvar av datoane (kl.10.30 og kl.12.30). Kva krins som kjem tidleg og seint på dagen, vil bli bestemt etter at konfirmantane er påmeldt og vi kan sjå kor stort konfirmantkullet er.

Dette gjer det lettare for oss å fordele gruppene likt, slik at det blir best mogleg plass til familie og gjester i kyrkja på konfirmasjonsdagen.

Endringar på grunn av soknedeling

1.november 2015 blei Fjell kommune delt inn i tre sokn. Dette får konsekvensar for nokre av konfirmantane frå Knappskog krins.

Tidlegare har konfirmantar frå Knappskog kunne velje mellom konfirmasjon i Fjell eller Landro kyrkje. Nå er det satt opp nye soknegrenser, så alle som bur i Knappskog krins soknar til Fjell kyrkje. Unntaket er dei som bur på Spjeld, som soknar til Landro kyrkje.
(Spjeld= Fløythaugen, Malenevegen, Skjergardsvegen nr. 1091-1136, Spjeldsfjellet, Spjeldshaugen, Spjeldsvegen, Vindskarvegen og Øvre Spjeld.)