Svart senka natta seg på kyrkjekontoret

Eller taklyset forsvann iallefall. Det var som om sola var gått sin veg, før nokon steig inn i vårt mørke kontor med tente lys.

Og plutseleg høyrde vi noko som må vere det næraste vi kjem englesongen den gongen i Betlehem. Stigande framover i den mørke korridoren skimta vi ei Lucia, to nydelege ljosberarar og ein meir vimsete stjernegut. Songen klang inn til alle kontorromma her på kyrkjekontoret, og alle dei nysgjerrige tilsette som stakk hovuda ut av døra, blei helsa med nybakte lussekattar frå den høge vimseguten med stjernehatten på.

Og som med dei fleste gledesboda som vert openbara her hos oss, gjekk vårt eige gledesfond i luciadrakt ut i den store verda med song og bollar. Det vil sei, våre naboar i bygget fekk iallfall gleda av det himmelske synet og ei bugnande kurv med bollar som kunne minna om eit brødunder.

Vi ønskjer dykk alle ei fortsat fin adventstid og håpar det vert pusterom for litt himmelfokus og fred midt i den travle førjulstida!