Bjørgvin Bispedømeråd har i møte 7. februar tilsett Maria Tveten som sokneprest i Vesthordland prosti med Foldnes sokn som tenestestad.
Bjørgvin bispedømme informerte om følgjande på si nettside 7. februar:
Bispedømerådet tilsette Helge Taranrød som prost i Norhordland.
Som sokneprest i Vesthordland prosti med Foldnes sokn som tenestestad vart Maria Tveten tilsett.
Som sokneprest i Sunnhordland prosti med Stord sokn som tenestestad vart Olav Johannes Oma tilsett i eit 3-årig vikariat.
Tilbod om stilling er sendt, og dei tilsette får 8 dagars frist på å melde om dei vil ta imot stillingane.