Sommarfesten 2016

Å gå på vatnet, slik Jesus gjorde, er ikkje berre eit spørsmål om tru!

For nokon gjekk på vatnet, nokon klatra i kyrkjetårnet, nokon vann stafett etter stafett og mange fekk vist at dei er skikkeleg sterke! Og at viss du har ei ballong, er det no nærast bevist at det er finnes ubegrensa med leikemogelegheiter!

Det var skikkeleg sommarvær då FUNK sin syvande sommarfest vart arrangert i Foldnes kyrkje laurdag 11. juni. Det var aktivitetar, konkurransar, lovsong og andakt, underhaldning og leikar. Regine Hatlevik og Elias Kvamme Fjeldstad hadde ei aldeles nydeleg akustisk konsert på kvelden, før vi song "Velsignelsen" til avslutning. Nokre var igjen og forsøkte seg på nattkino og overnatting i amfiet, men knotten vant og alle flytta inn i kyrkjelyddsalen. Få forresten med deg video frå sommerfesten i linken under bileta.

Alt vart avslutta med Ung Messe i Foldnes kyrkje morgonen etterpå - og NO er vi klare for sommarferie.