4-årstreff

I løpet av november har vi utdeling av 4-årsbok til fireåringar i Giske, Vigra og Valderøya. Men før gudstenestene har vi så klart 4-årstreff!

På treffet skal vi sjå oss litt rundt i kyrkja, synge saman og snakke litt om kva som skjer i løpet av gudstenesten komande søndag. Så koser vi oss med bollar og saft.

Giske kyrkje: Torsdag 2. november kl. 17.00. Familiegudsteneste søndag 5. november kl. 11.00. Her blir også Giske barnekor med og syng.

Vigra kyrkje: Torsdag 9. november kl. 17.00. Familiegudsteneste søndag 12. november kl. 11.00.

Valderøy kyrkje: Torsdag 16. november kl. 17.00. Sprell levande gudsteneste søndag 19. november kl. 11.00. Kor Tøft og Søndagsskulekoret skal synge.

Velkomen til treff og utdeling av 4-årsbok!

Kontaktinformasjon for Giske kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse:
Kyrkjekontoret/Rådhuset

Valderhaug 4

6050 Valderøy

Åpningstider:

Tirsdag - Fredag:

Kl. 09.00-14.00

 

 

Telefon kyrkjekontoret: 

70 18 80 40

 

Telefon kyrkjeverje:

45 06 53 80