Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Grunnkurs i Enneagrammet

Den urgamle metoden som blir sett på som utgangspunktet for alle personlighetstester, Enneagrammet, har blitt aktuell for mange igjen. Du kan vere med på eit kurs der du lærer meir om dette i november.

Kurs i Enneagrammet – ein modell for personleg vekst

Enneagrammet byggjer på gammal kristen visdom, men har røter enda lenger tilbake og blir i dag brukt i mange samanhengar som hjelp til vekst og utvikling. Enneagrammet beskriv åtferdsmønstera våre, og hjelper oss med å få innsikt i dei ubevisste motivasjonsmekanismene våre, dei som ligg djupt inni oss og bestemmer det meste av åtferda vår, «vår indre autopilot».

Enneagrammet er både eit personleg utviklingsverktøy og eit andeleg verktøy som gir oss større innsikt i oss sjølve, våre relasjonar til andre og til Gud. Det hjelp oss til å sjå, forstå og godta oss sjølve og kvarandre på eit djupare nivå .

Kurs

23.-25. november blir det grunnkurs i Enneagrammet i Valderøy kyrkje. 

Fredag: kl. 17.00-20.00

Laurdag: kl. 10.00-18.00

Søndag: kl. 10.00-16.00

 

Kurshaldar er Nina Sjøvoll.

Ho har dei seinare åra halde mange kurs og retreatar om Enneagrammet.  Kursa har m.a.vore knytte til Modum Bad og dei kristne retreatstadane i Norge.

Nina jobbar som veileder og formidlar av Enneagrammet.  Ho veileder enkeltpersonar i forhold til andeleg vekst, men også personleg utvikling.

Ho har også tidlegare i mange år jobba som leiar.  Ho har hovedfag i helsefag og videreutdanning innan psykisk helsearbeid.

Alt dette kan ein lese meir om på www.ninasjøvoll.no

Tema i kurset:

  • Gjennomgang av grunnmønstra i Enneagrammet
  • Dei tre intelligensane våre: hovud – kropp – følelsar
  • Korleis vekse både personleg og sjeleleg ved hjelp av Enneagrammet?

Påmelding:

Til Kari Godø Sæther, e-post: kagsaether@gmail.com innan 10. november. 

Pris: 1500 kroner

 

Arrangørar:

Enneagraminteresserte i Ålesund og Giske

v/ Anne Birte Hanken og Kari Godø Sæther

Kontaktinformasjon for Giske kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse:
Kyrkjekontoret/Rådhuset

Valderhaug 4

6050 Valderøy

Åpningstider:

Tirsdag - Fredag:

Kl. 09.00-14.00

 

 

Telefon kyrkjekontoret: 

70 18 80 40

 

E-post: kyrkja@giske.kommune.no

 

Telefon kyrkjeverje:

45 06 53 80