Torsdag i Tunet: MYSTERIET I TRUA - KRISTEN TRU OG MYSTIKK I JON FOSSE SINE TEKSTAR

Bli kjent med vår nynorske Nobelprisvinnars tekstunivers på TiTT 12. september!

Foto: Tom A. Kolstad/Det norske samlaget

MYSTERIET I TRUA. 

Kristen tru og mystikk i Jon Fosse sine tekstar.

Det vekte opp oppsikt då prisvinnaren innan litteratur, Jon Fosse, avslutta Nobel-føredraget sitt med å takke Gud. Men på Fosse sitt særprega vis er tekstane hans gjennomsyra av kristen tru og mystikk, både når det gjeld form og innhald. Noko av dette vil vi lyfte fram på Torsdag i Tunet 12. september,- vonleg til både lesehjelp, ettertanke og utfordring. Innleiar er Roar Strømme. Han bur i Os, men er no vikarprest i Kvam og har tidlegare m.a. vore sokneprest i Strandebarm, der Fosse voks opp.

Det vert som vanleg høve til spørsmål og samtale.

Noko av Fosse sin lyrikk får vi også del i på musikalsk vis ved Sigurd Rotvik Tunestveit og Tonje Hernes.

Velkomen til haustens fyrste "Torsdag i Tunet" torsdag 12. september kl.20.00 i Tunet kyrkje- og kultursenter!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"