Kulturkyrkje

Å vera eit levande gudshus inneber rom for ulike kunst- og kulturuttrykk, og eit breitt spekter av møteplassar.

Det meste av verksemda til kyrkja fell inn under den store paraplyen "kultur", i forståinga menneske som møtast i eit skapande og reflekterande fellesskap.

Dei mange trusopplæringstiltaka og aktivitetane for born og unge speler gjerne på kreative strenger og lyfter fram kunstuttrykk og skaperkraft. Det er óg mange tilbod for vaksne, og nedanfor finn du eit lite utval.