Lutherskulen i 2017

I år markerer me at det er 500 år sidan reformasjonen. I den anledning har Øynytt fire artiklar med ulike vinklingar på det som hende i Tyskland på 1500-talet og kva desse hendingane fekk å seia for oss. Desse artiklane vert også lagt ut her på vår nettside.

Del 3: Eit heilagt liv

av sokneprest Espen Sigve Tveten

Martin Luther levde i starten eit godt liv som katolsk munk. Men noko skurra – både i forhold til Gud og i forhold til livet han levde innelukka i klosteret. 

Først fann han løysinga med frelsa. Me vert ikkje rettferdige for Gud med det me gjer, men med den nåde me får. Men kva då med våre gjerningar? Var dei ikkje lenger viktige. Jo, dei er særs viktige. Ikkje ovanfor Gud, men ovanfor våre medmenneske. «Gud treng ikkje våre gode gjerningar, men vår neste gjer det» sa Luther. Difor måtte han ut av klosteret – for så å leve eit vanleg og heilagt liv.

Samfunnsborgar

Luther ville at me skulle forstå vårt liv i lys av å være samfunnsborgar. Han avviste livet i klosteret som særskilt heilag. Guds kall til menneske var først og fremst eit kall til å gå inn i verda, skapt av Gud, og utføra alle former for nyttig arbeid. Kallet var ikkje å tre ut av verda og gøyma seg i eit kloster.

Ditt yrke er ditt kall

Det heilage rommet er ikkje eit avgrensa området. Luther omtaler tre viktige stader. Det var kyrkja, familien og samfunnet. I alt skal me vere vendt mot verda, og heile livet skal me bera fram som eit heilagt offer. Alt høyrer Herren til og me skal forvalta det til beste for vår neste og oss sjølve. Det gjeld mellom anna våre evner, vår kropp og vårt yrke. I samfunnet skulle ein tenkja om sitt yrke som sitt kall. Det tyske ordet for yrke i dag er «beruf». Det har sitt opphav hos Luther og tyder og «kall». Vårt arbeid skal vera ei gudsteneste. Det er like fint å vere skomakar som pave.

Luther er her veldig konkret. Er du snekker, er du kalla til det. For din nestes skuld. For bak ein kvar neste står Gud. Lager du ein stol til din neste, lagar du den og til han som står bak, Gud. Eit lite barn smiler til mor si som ammar ho. Då smiler barnet og til Gud - som står bak.

Ein lever ikkje livet på heilage stader, men overalt lever ein det heilage livet. Slik blir heile verda ein heilag stad. Du er gjort heilag og ditt liv skal vere til beste for din neste. Gud er på ferde heile tida over alt, både i truande og ikkje-truande.

Alle er prestar

Tanken om «det allmenne prestedøme» er ein grunntanke hos Luther. Det var samstundes og eit åtak på kyrkja og paven. Luther godtek ikkje skiljet mellom «pave, biskopar, prestar og klosterfolk» på den eine sida og «fyrstar, adelsmenn, handverkarar og bønder» på den andre sida. «Alle kristne er av geistleg stand», slår Luther fast og viser til Paulus, som ser kyrkja som ein lekam, kor dei ulike lemmene tenar kvarandre.

Luther utfordra den einskilde til å være sin eigen prest og sa: «Din dåpskjole er og ein prestekjole». Alle måtte ta ansvar for eige liv, dei måtte lesa Bibelen og slik finna vegen til Gud. Før var det dei geistlege som skulle leggja ut Skrifta og lekfolket var passive mottakarar. Luther byrja slik ei rørsle som gjorde den einskilde myndig og ansvarleg.

Ekteskap

Ein episode vekte stor oppsikt. Den tidligare munken gjekk hen å gifta seg. Luther fekk massiv kritikk da han i 1525 vart vigd med Katarina av Bora. Han gjorde dette vel så mykje som ein protest mot den katolske kyrkja, som av kjærleik. Ekteskapet fekk mykje merksemd og mange ville vite korleis dei levde. Deira samliv vert eit eksempel til etterfølging. Dei hadde respekt for kvarandre, Katarina var ikkje underdanig. Bøn og hardt arbeid prega samlivet deira, og prestebustaden vart ein samlingsplass for mange. Atter ein gong viste Luther at det ikkje var naudsynt å trekkja seg tilbake i klosteret for å leva eit heilag liv.

__________________________________

Del 2: Luthers store oppdaging

av sokneprest Espen Sigve Tveten

(Del 3. Eit heilagt liv)  (Del 4: Kva frå den lutherske arv skal me ta vare på?)

  Luther ville leve som ein rett kristen og han kjente kallet til å verta munk. For å forstå Luthers store oppdaging, den såkalla «Tårnoppdaginga», må me sjå på kva slags forståing av kristendomen som råda på 1500-talet. Å gå i kloster var som ein slags dåp nummer to, det var ein fullstendig ny start på kristenlivet og ein vart rein for Gud att. Dette var ei lette for Luther som hadde stor respekt, men samstundes stor frykt, for Gud. 

Frå glede til krise

I starten var livet i klosteret godt og han kjente at Gud var tilfreds. Han fekk det til, han bad og fasta, og mykja anna godt. Syndeanger hadde stor plass, og Luther måtte spore fram sjølv den minste synda. Berre slik kunne ein vite at Guds nåde fortsatt sto ved lag. Ein gong vedkjende Luther synder seks timar i strekk. Ein gong var han på etterskot med talet på bøner han skulle ha bedt, og han stengde seg inne utan mat og drikke i tre dagar for å be alle bønene som var føreskreve. Men noko var galt. Sjølv om han bad, gjekk til messe og skrubba golv meir ivrig enn nokon anna, låg spørsmålet der. Var Gud fornøyd med han? Han kunne jo alltid gjera det betre. Korleis kunne han vite at Gud var han nådig?

Tårnopplevinga

På Luther si tid var alle einige i at berre Gud kunne frelse. Men spørsmålet som Luther no bala med, var kor mykje og kva slags bidrag og hjelp frå den einskilde mann og kvinne var naudsynt for å verte frelst. Dette som skulle vere eit samarbeid mellom Gud og menneske fekk Luther ut ei stor krise.

Han tydde til Bibelen. Så ein dag i klostertårnet i Wittenberg får han openberringa som me omtalar som Tårnopplevinga. I si naud og fortviling ser han at han ikkje har noko å kome med framfor Gud. Han er ein veik og hjelpelaus mann som med tomme hender vender seg til Gud. Og medan han les Rom 1, 16-17 får han sjå evangeliet i nytt lys. Der står det «For eg skammar meg ikkje over evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde først og så grekar. 17 For i det blir Guds rettferd openberra, av tru frå først til sist, som det står skrive: Den rettferdige skal leva ved tru.» Luther forsto at det er Gud si kraft, og ikkje vår, som frelsar. Det er trua som gjer oss rettferdige i Gud sine auge, ikkje talet på bøner eller skrubba golv. 

Det salige bytte

«Guds rettferd» fekk ei ny tyding. Før gjekk forståinga i retning av Guds fryktinngytande og kompromisslause krav til rettferd. Berre det fullkomne var godt nok. Men no fekk Luther sjå at orda kunne bety at Guds rettferd er noko Gud skjenkar oss som ei gåve. Den rettferd Gud krev av oss, det er den rettferda han gjev oss. 

Luther omtalar dette som «det salige bytte». Jesus tar vår plass, me får Jesu plass. I staden for å forlange at me gjer alt som krevst av oss, gjev han det som vert kravd av oss, gratis. Det er den nye forståinga av forholdet mellom Gud og menneske. Når Luther seinare underviste sine studentar sa han: Me vert ikkje gjort rettferdige ved å gjere rettferdige gjerningar. Nei, me gjer rettferdige gjerningar, fordi me er gjort rettferdige.» Våre gode gjerningar er viktige, men ikkje ovanfor Gud, men for våre medmenneske.

Nytt namn

I glede over si oppdaging endra Luther namnet sitt. Før heitte han Martin Luder. Han bytta no til Luther som tyder «frigjort».

_______________________________

Del 1: Dei viktigaste hendingane

Del 2: Luthers store oppdaging

Del 3. Eit heilagt liv 

Del 4: Kva frå den lutherske arv skal me ta vare på? 

Mellom dei som har forska på Luther og reformasjonen, er dei fleste samde i ein ting: Reformasjonen på 1500-talet var ikkje ønskt. Men Luther fekk ein snøball til å rulla som vart umogeleg å stansa. 

Luthers ungdom

Martin Luther (født 1483) fekk ei streng kristen oppseding av sine foreldre. Han var særs begåva og gudfryktig. Han starta på jus-studiar, men ein dag slo eit lyn ned rett ved han og i frykt for å mista livet braut han ut: «Hjelp heilage Anna. Eg vil verte munk!» Anna var ein skytshelgen. Luther vert rysta og i tråd med sitt heilage løfte vart det ingen annan utveg enn å verte munk - til stor fortviling for sin far. 

Tårnopplevinga

Først var livet i klosteret godt for Luther. Han var flittig, han fasta og bad meir enn nokon annan. Han vart både prestevigsla og professor. Men livet i klosteret vart vanskeleg. Han strevde og fekk ikkje til å verte eit betre menneske eller å behaga Gud. Det store spørsmålet for han vart: Korleis kan eg finna ein nådig Gud?

Ein kveld i 1513 satt Luther i tårncella si og arbeidde med verset han i etterkant har sagt at han hata, nemleg Romarane 1, 17. Det står om Guds rettferd. Det som har vorte «Tårnopplevinga» var at Luther her fekk sjå at frelsa var ei gåve han kunne ta imot. Me vert erklært rettferdige for Gud, det er ikkje noko me kan oppnå med hardt strev. Hans åndelege krise var over. 

Tesene i 1517

Luther ville ikkje bryte med den katolske kyrkja, men fornya ho. Han gjekk imot avlatshandelen som no blomstra. Han såg at mange tok lett på syndeangeren om dei fekk kjøpt eit avlatsbrev. Han meinte at ein kvar måtte gjera bot personleg. Dette ville han diskutere og hang opp dei 95 læresetningane om avlaten på kyrkjedøra i Wittenberg. Det Luther ikkje tok inn over seg, var at han indirekte no kritiserte paven og heile kyrkja. Setningane vart omsett til tysk og plutseleg var Luther ein berømt mann.

Bannlysninga

Luther vart sett under press, men han var ein stabukk. Han formidla sine tankar gjennom ulike kanalar. Boktrykkekunsten som nyleg var funnen opp hjelpte han til å spreie bøkene sine lenger enn nokon annan hadde gjort. Han byrja å tala på tysk til fordel for latin, og folk skjøna no kva presten sa. Luther hadde ein ustoppeleg indre driv etter å få fram det mest sentrale i Bibelen og vart etterkvart overtydd om at det han hadde oppdaga i skrifta stod i grunnleggande konflikt med gjeldande teologi. Sjølv om han ikkje villa innføre ei ny lære, ville no hans motstandarar stoppa han for ein kvar pris.

Det toppa seg i 1521. Paven gav Luther 60 dagar til å kalla tilbaka det han hadde sagt og skrive, elles ville han verte lyst i bann. Luther nekta å bøye seg og angreip paven sterkare enn før. Då vart han lyst i bann og vart fredlaus. Det betydde at alle kunne drepe han utan å verte stilt for retten. Luther fekk likevel leve i fred i det område han budde, på grunn av sitt venskap til den lokale kurfyrsten. 

Ei ny kyrkje

Støtta til Luther vaks og reforma- sjonen spreidde seg. Det skjedde på ulike tider på ulike stader, men ei protestantisk kyrkje var fødd. I 1536 vart reformasjonen gjennomført i Noreg.

Kontaktinformasjon for Den norske kyrkja i Øygarden

Postadresse

Postboks 144, 5331 Rong

 

Besøksadresse

Kyrkjekontoret, Rong senter, Nygardsvegen 2,

5337 Rong

Kyrkjekontoret - Rong senter Ekspedisjonstid

Måndag-fredag kl. 09.00-15.00  

Telefon sentralbord: 56382240  

E-post: post.oygarden@kyrkja.no