Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Framlegg til organisering og lokalisering

Framlegg til organisering og lokalisering av nye Øygarden kyrkjelege fellesråd frå 1.12.2019.

Prosjektleiar si tilråding om organisering av Øygarden kyrkjelege fellesråd frå 1.12.2019

Me er no komne til eit punkt i prosessen der me må gjere nokre viktige val for framtida når det gjeld nye Øygarden kyrkjelege fellesråd. Våren 2019 må nyttast til å implementere det som er vedteke og hausten 2019 til å sette det i verk.

Tilrådinga er basert på lov, forskrift, faglege vurderingar, erfaring, nosituasjonen, føringar frå sentralt hald (kyrkje, stat) og tilrådingar frå arbeidsgruppene.

Arbeidsgruppene har utført si oppgåve på ein god måte og gruppene har arbeidd effektivt. Arbeidet i grupper hadde som føremål å få fram avgjerdsgrunnlag og å skape eit fellesskap på tvers av dagens fellesrådsgrenser.

Dette dokumentet tek for seg det som er av formell karakter ved verksemdsoverdraging og konsekvensar i kjølvatnet av verksemdsoverdraginga.

Tiltak i prosjektplanen som ikkje er omtala i dette dokumentet kjem ein attende til i ei eiga tilråding på eit seinare tidspunkt. Det er gjort ei prioritering av kva som er viktig å få avklart tidleg og kva som kan vente til eit stykke ut i 2019 (delprosessar med avgrensa omfang).

Prosjektleiar takkar alle som har bidrege så langt i arbeidet.

Dette tilrådingsdokumentet vert no sendt kyrkjeleg fellesnemnd for vidare handsaming. Dokumentet er handsama i partssamansett utval 17.10. og i fellesnemnda sitt arbeidsutval 17.10. Fellesnemnda tek stilling til om tilrådingsdokumentet skal sendast på høyring til sokneråda. Det skjer i møte 24.10.2018.