Kyrkjebygget og kyrkjekunsten fordjupar alt som skjer i kyrkja

Det betyr mykje for meg at dei lutherske reformatorane kunne verdsetje vakre kyrkjebygg og kyrkjekunst, så lenge dette ikkje vart gjort til gjenstand for tilbeding.

Margunn Sandal (Foto: Hilde Kristin Klungrehaug)

Mi heimekyrkje, Hamre, er bygd om lag hundre år etter reformasjonen. Ho har rikt dekorerte veggar og tak, og ho er utsmykka og innreia med gjenstandar frå den eldre katolske kyrkja. Slik fortel bygget at vi høyrer til i ein større samanheng. Eg opplever at det fordjupar alt som skjer i kyrkja. I dag høyrer eg til Frogner kirke frå 1907, og eg gler meg kvar dag over det vakre og varme rommet som glasmaleria og gullmosaikkane skaper. Fleire av reformatorane valde å kaste kunsten ut av kyrkja, men ikkje Luther. Eg kunne få lyst til å bøye hovudet i takk til skulpturen av han oppe på den eine sideveggen i Frogner. Men eg veit ikkje om han ville likt det.

Margunn Sandal
Sokneprest i Frogner, Oslo

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for DEN NORSKE KIRKE OG NORGES KRISTNE RÅD

Ansvarlig redaktør:
Ingeborg Dybvig

Postadresse:
Kirkerådet
Postboks 799 Sentrum,
0106 Oslo
E-post: post.kirkeradet@kirken.no
Tlf: 23 08 12 00

Postadresse:
Norges Kristne Råd
Rådhusgata 1-3,
0151 Oslo
E-post: post@norkr.no 
Tlf.: 23 08 13 00

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"