164 søknader om kyrkjetilskot

Talet på søknader til kyrkjebevaringsfondet aukar – frå heile landet.

Illustrasjonsfoto: Granvin kyrkje.

I den andre søknadsrunden til kyrkjebevaringsfondet kom det inn 164 søknader frå heile landet. Det er ein auke frå dei 103 søknadene som vart mottekne i den første runden i august.

21 av søknadene er til den nye kompetanseordninga, som er retta mot tiltak som skal byggja kompetanse og kunnskap for handverkarar og rådgivarar.

– Auken i søknader er veldig gledeleg. Det viser at behovet er stort der ute. Dette merkar me også engasjerer folk rundt i Kyrkje-Noreg, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe.

I den første runden med utlysing tidlegare i år kom det ingen søknader frå Oslo og Nordland. No har det komme fleire frå begge fylka.

– Det er veldig bra at det no er komme inn søknader frå heile landet, seier Toppe.

– Behovet er stort

Ramma på tildelinga på 2025 er på rundt 300 millionar kroner. Av desse er om lag 100 millionar allereie bunde opp gjennom tilsegn som vart gjort førre runde.

Tildelinga vil bli gjennomført i løpet av vinteren 2025, under forusetning av Stortingets godkjenning av budsjettforslaget.

– Det nye sekretariatet i Trondheim jobbar no på spreng med å vurdera alle søknadene. Me ser at det er mange spennande planar i søkjarbunken, seier leiar av kyrkjebevaringsfondet, Oddbjørn Eide.

Han seier sekretariatet forventar endå fleire søknader til neste runde i 2025.

– Me har gjennomført eitt av to søkjarkurs for kyrkjeeigarar no i haust, og det har nok bidrege til auken. Me forventar ein auke når begge kursa er haldne, seier Eide.

Det er i alt fire tilskotsordningar som kyrkjene kunne søkja på for 2025. Det er to typar forprosjekt, hovudprosjekt og den nye kompetanseordninga.

Kyrkjebevaringsfondet starta opp i 2024, og fordelte nærare 100 millionar til 44 kyrkjer som ei start på tilskotsordninga. Sjå bevaringsstrategien for kyrkjene her.

Sjå oversikt over kva kyrkjer som fekk støtte her.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"