Oslo, 15. april 2020
Det hastar!
Noreg må vera med på dugnaden med å ta imot einslege mindreårige og barnefamiliar frå Moria-leiren på Lesbos.
Vi er takksame for og støttar oppmodinga frå 19 tidlegare statsrådar som ber Noreg om å vera med og ta imot einslege mindreårige og barnefamiliar frå Moria-leiren på Lesbos i Hellas.
Fleire europeiske land, som Tyskland og Luxembourg, har starta med å henta ut nokre. Trass i korona-krisa vil Tyskland og Luxembourg no hente ut høvesvis 50 og 12. Vi er klar over og støttar at Noreg har gjeve og gjev bistand til å handtera situasjonen i Hellas. Hellas treng også vår solidaritet.
Men vi må òg vera med på å ta imot nokre her.
Vi har nettopp feira påske der ein i kyrkja stansar ved Jesu kross. Gjennom dette minnest vi kyrkja si oppgåve til å kjenna att smerta og lidinga sitt ansikt lokalt og globalt. No kallar ansikta til borna og dei einslege mindreårige i flyktningeleiren i Moria på oss. Dei treng medkjensle og solidaritet.
Vi oppfordrar regjeringa til at Noreg skal vera med på dugnaden med å evakuera barnefamilar og einslege mindreårige frå Moria-leiren. Det hastar!
Biskopane i Den norske kyrkja
Kristin Gunnleiksrud Raaum, leiar i Kyrkjerådet
Kristine Sandmæl, leiar i Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja
Erhard Hermansen, generalsekretær i Noregs kristne råd