Held fram med nominasjonskomité

Kyrkjemøtet har vedteke å halde fram med ordninga med nominasjonskomitélister ved kyrkjevalet.

Kyrkjemøtet 2021. Foto: Den norske kirke

Det var foreslått frå Kyrkjerådet å gå for ei ordning med utgangspunkt i sjølvstendige lister. Ei slik ordning ville hatt mekanismer for framgangsmåtar dersom det berre skulle bli levert éi eller ingen sjølvstendige lister.

Fleirtalet i Kyrkjemøtet ønska imidlertid å halde på den ordninga ein har i dag. I denne modellen er det ein nominasjonskomité som har ansvar for å utforme ei breitt samansett liste. I tillegg er det opent for andre å fremje forslag om sjølvstendige listeforslag. I kyrkjevalet i 2019 stilte Åpen folkekirke lister i alle bispedøme, og Bønnelista i ni av elleve bispedøme.

Kyrkjemøtet vedtok at ein ønskjer å fortsetje å halde kyrkjevalet samstundes med, og i umiddelbar nærleik til, offentlege val.

Økonomisk støtte
Det vert også innført ei årleg støtteordning for registrerte nomineringsgrupper som har medlemmar innvalt i Kyrkjemøtet. Det skal også gjevast støtte til leke medlemmar i Kyrkjemøtet valt inn frå Nominasjonskomiteen si liste, representant for døvekyrkjelydane og samiske representantar valt inn frå bispedømmeråd.

Den årlege ramma for støtteordninga er på to millioner kroner. Støtteordninga vert utforma slik at 1/4 av støtta vert gjeve som grunnstøtte uavhengig av resultatet ved kyrkjeval. 3/4 av støtta vert fordelt basert på antall innvalde medlemmar i Kyrkjemøtet.

Medlemmar valt inn frå Nominasjonskomiteen si liste skal som utgangspunkt kunne få stilt til disposisjon ein individuell sum og så få refundert innlegg opp til denne summen. Det samme vil gjelde representant for døvekyrkjelydane og dei samiske representantane.

Støtteordninga skal bli evaluert etter kyrkjevalet i 2023.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"