Kristent sjukehus på Gaza stengt

Eit av sjukehusa på Gaza måtte søndag evakuere fordi området vart erklært som utrygt, med angrep like i nærleiken. Internasjonal direktør i Den norske kyrkja kallar det brot på krigsretten.

– Vi håpar og ber om at forhandlingar kan føre fram til ein permanent våpenkvile, seier internasjonal direktør Einar Tjelle. Foto: Den norske kyrkja.

Søndag kveld måtte Al Ahli Anglikanske sjukehus i Gaza stenge. Sjukehuset er drive av den anglikanske kyrkja i Jerusalem og midtausten, og støtta av mellom anna Kirkens Nødhjelp og Det lutherske verdensforbund.

Sjukehusdirektøren Suheila Tarazi rapporterte om angrep like i nærleiken av sjukehuset. Like i etterkant fekk sjukehuset beskjed om at området var erklært som «raud sone», og at alle burde evakuere. Det inkluderte alle dei såra og skadde sivile som låg på sjukehuset.

– Sjukehuset driv livsviktig arbeid blant skadde og sivile, dette er eit tydeleg brot på krigsretten, seier Einar Tjelle som er internasjonal direktør i Den norske kyrkja.

Ber om permanent våpenkvile

Talet på mennske som er drepne i Gaza siden 7. oktober, passerte nyleg 38.000, ifølge palestinske helsemyndigheter. Nærare 90.000 menneske er såra. Svært mange av desse er kvinner og barn.

– Alt for mange menneskeliv har gått tapt som følgje av denne krigen. Vi krenkar Guds skaparverk kvar gong eit menneske vert drept. Vi håpar og ber om at forhandlingar kan føre fram til ein permanent våpenkvile.    

Les Mellomkyrkjeleg råd si fråsegn frå mars i år: Stopp krigen – vern om liv og rettigheter.

Erkebiskop krev umiddelbar våpenkvile

Også erkebiskopen i Jerusalem bispedømme i den anglikanske kyrkja er uroa. I ein uttale seier han:

– Vi bed dei israelske styrkane om å tillate oss å få halde fram med vårt heilage arbeid med medisinsk behandling og læking. Vi tryglar om ein slutt på målretta angrep mot sivile og alle sårbare menneske, og krev at alle partar går med på ein umiddelbar våpenkvile.

Les heile uttalen frå den anglikanske kyrkja her.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"