Klårare rammer for liturgisk musikk

Kyrkjemøtet har sunge seg gjennom liturgisk musikk i Trondheim. For i år skulle det bli bestemt kor mange seriar, og kva for musikk som skal syngast i hovudgudstenesta i kyrkja framover.

Både kjend og ukjend musikk blei testa ut av mellom anna Ann-Kristin Sørvik og Ingeborg Midttømme frå Møre. (Foto: Kyrkjerådet)

Korleis skal det høyrest ut når kyrkjelyden skal synge Gud vere lova, eller når Du Guds lam blir sunge i nattverden? I forslaget til Kyrkjemøtet var det lagt fram tre allmenne seriar, eller hovudseriar, i tillegg til bestemte seriar til festtid og fastetid.

Kvifor er det viktig å avgrense liturgisk musikk, saksordførar Aud Sunde Smemo?

- Dei siste åra har det blitt veldig klart for oss kor viktig attkjenning er for kyrkjelyden. Då reforma starta var stadeigengjering og fleksibilitet viktige verdiar som vi tok med oss. Men vi så ganske fort at mange følte seg framandgjort, og det var krevjande for folk å kome til nye kyrkjelydar med ukjend musikk. Noko tok det også lang tid å lære, det var krevjande melodiar. Med tida blei det klart at attkjenning er svært viktig, så vi tok grep og musikken blei stramma inn og alternativa blei færre.

Ikkje heilt nøgd
Trass i at det har vore prøvd ut ei rekkje ulike seriar, er ikkje Kyrkjemøtet heilt nøgd med framlegget, og ber om å få utarbeidd ein ny, heilskapleg allmenn serie. Kvifor det?

- Kyrkjemøte i 2015 tinga ein rytmisk serie som eignar seg for band, anten profesjonelle musikarar eller eit enklare konfirmantband. Men vi har erfart no at enkeltledda i serien som er bestilt ikkje er heilskaplege, det heile blir for springande. Enkeltledda kvar for seg er gode, løysinga er anten at det blir omarbeidd, eller at vi må få noko heilt nytt. Det kan vere laga av ein eller fleire komponistar. Vi ønskjer oss noko med enkle akkordar, melodiar som er enklare å spele for band, men det er ingen lett ordre, forsett Smemo, ho er sokneprest i Kristiansand domprosti.

Dei gode unnataka
Nokre kyrkjelydar har godt etablert liturgisk musikk, til dømes i Ål, der dei gjennom fleire år har tydeleg folkemusikkpreg den på liturgiske songen. Dette skal framleis kunne nyttast.

- Ja, det er viktig, der det er øvd inn gode, lokale seriar, er det sjølvsagt mogeleg å halde på dei. Vi har fleire kyrkjelydar i Kristiansand som har eigen liturgisk musikk, opptil fleire seriar, og dette har ført til ei vitalisering av kyrkjelyden. Biskopen kan avgjere om desse seriane kan nyttast, og få til ein god dialog – og gje fleksibilitet for kyrkjelyden. Det som fungerer godt skal ikkje bli tatt vekk, tvert imot. Men dei kyrkjelydane som no skal vedta ny grunnordning, ønskjer vi skal velje ein av dei tre allmenne seriane, avsluttar saksordførar Aud Sunde Smemo.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"