På klimatoppmøtet for å påverke

FN sitt klimatoppmøte i Glasgow er i gong. Nora Antonsen som er leiar i ungdomsutvalet i Den norske kyrkja deltek saman med andre religiøse aktørar for å påverke forhandlingane.

Nora Antonsen er leiar i Den norske kyrkja sitt ungdomsutval og deltakar på klimatoppmøtet i Glasgow. Foto: Albin Hillert/LWF (the Lutheran World Federation)

Eit stort tal på trus- og livssyn er til stades i Glasgow for å kunne representantar frå alle landa i verda som deltek i forhandlingar. Frå Den norske kyrkja deltek Nora Antonsen, som er leiar i kyrkja sitt ungdomsutval.

Antonsen og fleire frå ulike organisasjonar deltok på ein protest i gangen utanfor forhandlingane går føre seg. – Vi protesterte mot at utviklingsland som er hardt ramma får alt for lite frå dei rike landa, som i størst grad har skuld i krisa!

Vi må tale for dei som vert hardt råka

– Områda som vert hardt råka av klimaendringane er ofte fattige land. Dei som lir av klimaendringane har gjerne ikkje dei høgste stemmene på COP, og difor må vi tale deira sak, seier Antonsen.

Utvalsleiaren peikar på klimafinansiering som noko av løysinga, der rike land må bidra for å hjelpe dei fattige landa.

Hektiske dagar med variert program

– Det er hektiske og spennande dagar, seier Antonsen, som fortel at ho mellom anna deltek på møter med andre norske aktørar, lyttar til forhandlingar i plenum og bidreg i påvirkningsarbeidet med andre religiøse aktørar.

Utvalsleiaren har mellom anna delteke på møte med nordiske statsleiarar og interreligiøs dialog. Antonsen deltok også på presentasjonen av ny delrapport frå FN sitt klimapanel, som skildrar korleis menneskeleg aktivitet er årsak til hyppigare ekstremvêr som hetebølgjer, styrtregn og tørke.

I Parisavtalen frå 2015 signerte verdas land mål om å avgrense temperaturauke til godt under 2 grader, helst 1,5 grader. Samtidig vedtok dei at kvart land skal melde inn forsterka klimamål i løpet av fem år. Dette skulle opphaveleg vore i fjor, men vart utsett til i år grunna pandemien. Dei to første vekene i november arrangerer FN klimatoppmøtet COP26 i Glasgow.

Følg med via Instagram

Ungdomsutvalet i kyrkja har ein eigen konto på Instagram, dnkungdomsutvalg. Medan Antonsen er til stades på Klimatoppmøtet, legg ho aktivt ut bilete og film som viser kva som skjer.

Trykk her for å følgje Ungdomsutvalet på Instagram.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"