Preses om paven

Den norske kyrkja sender sine kondolansar til alle katolikkar etter at Pave Frans er død. – Ein usedvanleg kyrkjeleiar, med stort mot og mykje kjærleik til Gud og menneske, seier Olav Fykse Tveit.

Olav Fykse Tveit møtte Pave Frans fleire gonger i sin jobb som generalsekretær i Kirkenes verdensråd. Her frå Geneve i 2018. Foto: Albin Hillert/Kirkenes Verdensråd

– Pave Frans var ein usedvanleg kyrkjeleiar, med stort mot og mykje kjærleik til Gud og menneske han møtte. Han utfordra og inspirerte kristne i alle kyrkjer til å vere frimodige i vår tru og audmjuke i vårt møte med andre. 

Det seier Olav Fykse Tveit, den leiande biskopen i Den norske kyrkja. 

– Det er med djup sorg vi mottar bodskapen om at Pave Frans er død. Det er eit enormt tap for heile verda at hans røyst er stilna. For Den romersk-katolske kyrkja er det ei stor sorg, men også for alle kyrkjer i verda. Han er den kyrkjeleiaren eg har sett aller høgst og fått mest inspirasjon frå, også gjennom personelege møter med han. At han går bort no i påska, peikar på hans livsgjerning i å forkynne den levande Kristus for alle som treng oppreising, tru og håp.

Preses Fykse Tveit sender sine kondolansar til den katolske kyrkja og alle katolikkar etter at pave Frans døydde 2. påskedag, 21. april 2025. 

Har sett varige spor

Pave Frans har vore ein kyrkjeleiar som har jobba for fred i verda. 

– Hans sterke engasjement for ei rettferdig og fredeleg verd, der Guds skaparverk vart verna og der ein tek på alvor at alle menneske har same verd, har gjort sterkt inntrykk på mange. Det er eit sterkt vitnemål om kva det er å følge Kristus i vår tid, og står som ein sterk kritikk av politikarar som vil bruke kristendomen til å legitimere sin maktbruk. 

Dette meiner Fykse Tveit vil bli ein viktig del av ettermælet til Pave Frans. 

– Pavens innsats for interreligiøse dialog og sameksistens har sett varige spor. 

Møtte pave Frans fleire gongar

– Paven har vore ein sterk kristen personligheit, som har kalla til tru og å følgje Kristus i praksis, ofte ved å vise korleis ein kan leve eit enkelt og dedikert liv for andre.

I sin tidlegare jobb som generalsekretær i Kirkenes verdensråd, hadde Fykse Tveit fleire møte med paven. 

– Ein kunne alltid merke hans personlege, varme og målretta blikk overfor dei menneske han møtte, enten det var presidentar eller barn, fangar eller religiøse leiarar.

Tok namn etter Frans av Assisi

Då Pave Frans vart utnemnd som pave i 2013, tok han pavenamnet Frans, oppkalla etter Frans av Assisi. 

Frans av Assisi var ein privilegert rikmannsson som vart omvendt til kristen tru, og etter dette møtte han dei som var vanskelegstilte i samfunna, som han tidlegare hadde forakta. 

Fykse Tveit meiner dette har prega hans virke som pave: 

– At han valde namnet Frans, som den første paven som gjorde det, sa mykje om kva han ville. Han var oppteken av kva det er å vere kyrkje i praksis. Difor vart han også ein kyrkjeleiar for store delar av kristenheten, ikkje berre for Den romersk-katolske kyrkja. 

Pave Frans var den første paven som ikkje kom frå Europa sidan 700-talet. Preses meiner dette har prega pavens gjerning: 

– Han såg verda og kyrkja frå det globale sør, og brakte dermed andre perspektiv og prioriteringar inn i leiinga av kyrkja i Roma, seier Fykse Tveit. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"