Verdiseglas med kongeleg besøk

I samband med tusenårsjubileet for Kristenretten på Moster gjekk Kronprinsparet om bord i Caroline af Sandnes for å snakka med ungdommane som deltek i Verdiseglas 2024 og Ungdommens Mostrating.

Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette Marit vitja verdiseglasen under kristenretten-jubileet på Moster, 1. juni. Foto: Halvard Bøe.

Første helga i juni vart kristenretten sitt 1000-årsjubileum markert på øya Moster i Bjørgvin bispedøme.  

På skipet Caroline af Sandnes var det 11 unge som hadde segla frå Stavanger via Utstein og Avaldsnes til Moster på verdiseglas. Dette er ei pilegrimsferd med unge mellom 15–30 år som deltek i verdisamtalar for å gi råd og oppmodingar til politikarane. Dessutan 14 representantar frå 7 ulike ungdomsråd samla på Moster for å forma framtida.

Saman hadde alle ungdommane førebudd seg på å snakka om dei viktigaste sakene i vår tid – kva som står på spel for vår felles framtid.

Dei hadde samtalt om kva «dei fire guddommelege søstrene»; miskunn, sanning, rettferd og fred kan ha å seia om korleis samfunn og menneske i vår tid på best mogleg måte kan ta vare på klima og naturmangfald.

Kongeleg besøk på verdiseglasen

Laurdag 1. juni kom Kronprinsparet om bord i skipet og snakka med ungdommane. 

Kronprinsparet kom lett i snakk med ungdommen, fekk høyra forteljingar om samhald og fekk omvisning på båten. Dei fekk sjå den levande Olavsflammen frå Stiklestad som er med på seglasen, og dei fekk opna skipskista og høyra frå nokre av verdibreva til samfunnsleiarar.

Ungdommane snakka med kronprinsparet om utviding av demokratiet, om psykisk helse og om å få bukt med sosiale forskjellar og rasisme.

Kronprinsessa spurde særleg om korleis dei unge ser på religion, tru og livssyn rolla si når dei skal forma framtida. Dei unge representantane svarte med å peika på motivasjon til framtidshåp og handling som dei finn i dei ulike bakgrunnane sine frå religiøse og humanistiske tradisjonar.

kronprinsparet foran en stor gjeng ungdommer på en båt

Tekst: Einar Vegge, Foto: Halvard Bøe

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"