Kyrkja er eit vigsla rom og dermed annleis enn andre konsertlokale. Det som skjer i kyrkja har eit overordna mål: Å ære Gud og bygge opp kyrkjelyden. Konsertar og andre kulturelle arrangement i kyrkja setjast inn i ei ramme som viser at dette er siktemålet. Innanfor desse rammene er det rom for både store gledesutbrot, håp, tru, fortviling, opprør – ja, alle menneskelege ytringar, formidla med ulike kunstnarlege verkemiddel.
I gjeldande vegleiing for bruk av kyrkja heiter det: «Det som foregår i kirken skal ikke være preget av restriksjoner og forsiktighet, men av gudstjenesteliv, gudsopplevelse, engasjement og framtidshåp, der evangeliets trøst, varme og fellesskap blir formidlet i sorg og glede.»
Kyrkja som konsertarena
12 000 konsertar finn stad i kyrkjene gjennom året, med til saman 1,5 millionar besøkande. Kyrkjeromma representerer nokre av dei mest attraktive konsertlokala vi har, og kyrkja har lang tradisjon for sjølv å vere konsertarrangør. Det er soknerådet som har avgjerdsmynde ved utleige av kyrkja.