Utøvarar og produsentar

Ynskjer du produksjonssamarbeid med Den norske kyrkja? Du som er utøvar eller produsent lese meir om slike samarbeid på denne sida.

Susanna Wallumrød & The Magical Orchestra Morten Qvenild i Sofienberg kyrkje, Oslo, 2009. Foto: Arne Ove Bergo

Eit produksjonssamarbeid med kyrkja kan vere: Konsert, utstilling, drama, dans, eller andre (sceniske) kunst/kulturarrangement i ei kyrkje eller annan kulturarena.

Ta gjerne kontakt om du ynskjer eit slikt samarbeid.

 

Slik går du fram om du ynskjer eit produksjonssamarbeid med Den norske kyrkja

Ynskjer du å samarbeid lokalt, ta kontakt med ein kyrkjekontoret der du ynskjer samarbeid.

Du kan også snakke med kulturrådgjevar på eit bispedømekontor.

Nasjonale aktørar kan ta direkte kontakt med kulturrådgjevar hjå Kyrkjerådet eller bispedømet. 

 

Kyrkja som utleigar

Kunst- og kulturverksemd er eit av kjerneområda til Den norske kyrkja. Ei av oppgåvene for dette området er utleige av kyrkjebygg til kunst- og kulturarrangement. Kyrkja har eit regelverk for dette i kyrkjeordning for Den norske kyrkja.

Ved denne typen leige dukker det gjerne opp spørsmål både i kyrkja og hjå leigetakar. På grunn av dette er det utarbeida ei rettleiing til refleksjon kring kyrkja si leigeverksemd. Potensielle leigetakarar bør også kjenne til rettleiinga. Sjå dokument under.

 

Økonomisk støtte

Den norske kyrkja har ikkje eigne produksjons- eller arrangementsmidlar. Økonomi til dette må søkjast innanfor det regelverk og dei ordningar som er oppretta for det allmenne kulturliv.

Rådgjevnad

Rådgjevnad overfor utøvarar/produsentar hjå bispedømmet sin kulturrådgjevar i søknadsskriving forutset samarbeids- eller intensjonsavtale om prosjektet i ein eller fleire kyrkjelyd.

Ledsagerbevis

Ved samarbeid med kyrkjelyd og/eller leie av kyrkje til kulturarrangement, vert utøvarar/produsentear utfordra til å akseptere ledsagerbevisordninga. Les meir om ordninga her: https://helsenorge.no/hjelpetilbud-i-kommunen/ledsagerbevis

FNs berekraftsmål

Vi oppmodar utøvarar og produsentar til å etterleve FNs berekraftsmål.

 

Rett til rimeleg betaling

Kunstnarar er ofte i en svakare posisjon enn sine avtalemotpartar i ein forhandling om honorar. Kunstnarar opplev at det forekommer ulike praksiser overfor dei og mellom dei ulike kunstfeltane. Men kva er rimeleg betaling, og kva ansvar bør det kunne forventast at produksjons- og visningsarenaene tar?

Den norske kyrkja ynskjer å være ein attraktiv og profesjonell aktør i samarbeid med utøvande kunstnarar og kulturarbeidarar. Dirfor inviterte Den norske kyrkja ved Kyrkjerådet til ein open samtale om korleis ein styrket kunstnerøkonomi bør og kan møtast av produksjons- og visningsarenaer.

Samtalen fant sted under Kulturytring 2023. Klikk her og se samtalen i opptak.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"