Kyrkjerådet sende Müller-Nilssen-utvalet på høyring i heile kyrkja i juni 2021. På same møte vedtok det folkevalde rådet å setje i gang med vidare utgreiingar av fire tema. Desse var lista opp i Müller-Nilssen-utvalet sin rapport, som tema med behov for å meir utgreiing.
Kvart av dei fire utgreiingsprosjekta har bestått av to personar – i tillegg til sekretær i tre av utvala. I kvart prosjekt har det vore med ei brei samansett referansegruppe, som har bidrege med ulik perspektiv, erfaringar og synspunkt.
– Utgreiarane har gjort eit grundig arbeid, slår Ann-Magrit Austenå fast. Som fagdirektør i Kyrkjerådet har ho ansvar for arbeidet med ny kyrkjeleg organisering.
– Desse rapportane vil saman med høyringa gje grunnlag for det vidare arbeidet med kyrkjeleg organisering.
Hausten 2021 sendte rundt 1200 kyrkjelege instansar inn høyringssvar på saka om ny kyrkjeleg organisering. Kyrkjerådssekretariatet arbeider no med å lage høyringsoppsummering. Alle høyringssvar vert offentleggjort på høyringssida, men grunna tekniske utfordringar tek publiseringa lenger tid enn venta.
Kyrkjemøtet som samlast i september 2022 skal gjere eit prinsippvedtak om ny kyrkjeleg organisering.