Bispedømerådet tilsette fire prestar og gav eit sokn nytt namn

Bjørgvin bispedømeråd gjorde i møte 4. juni vedtak om tilsetting av tre sokneprestar og ein fengselsprest. I same møte fekk Evanger sokn nytt namn.

Bolstadøyri bedehus (t.h.) og Evanger kyrkje. Foto. Torild Granehaug, kirkebyggdatabasen

Desse prestane er tilsett og har teke imot stillingane:

  • Sokneprest i Bergensdalen prosti med Storetveit sokn som tenestestad: Jan Helge Gram Eggestøl.
  • Sokneprest i Sogn prosti med Fjærland sokn og Stedje sokn som tenestestad: Mikael Peder Marcel Bruun
  • Sokneprest i Åsane prosti med Arna sokn som tenestestad: Kristin Hjertaker
  • Fengselsprest i Åsane prosti, Bergen fengsel: Ketil Nødtvedt

Evanger og Bolstad sokn

Bjørgvin bispedømeråd har gjort vedtak om at namnet på Evanger sokn vert endra til Evanger og Bolstad sokn. Det er soknerådet som har ønskt dette fordi soknet har to bygder med kvar sine gudshus der det vert halde gudstenester – Evanger kyrkje og Bolstadøyri bedehus.

Bispedømerådet gav også høyringssvar på revidert plan for diakoni i Den norske kyrkja.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"