Mykje godt arbeid gjort i eit krevande år

Årsrapporten frå 2021 er ei forteljing frå nok eit pandemi-år. Ordinær drift og utvikling blei igjen erstatta av krisehandtering og smitteverntiltak. Aktivitetar måtte finna nye former eller gå på nødbluss. Likevel er det fleire ting å gleda seg over i resultata frå fjor.

"Då samfunnet opna blei det eit rush av feiringar i kyrkjelydane, av dåp, konfirmasjonar og bryllaup" heiter det i rapporten. Bilete syner dåp av ein syskenflokk i Tjensvoll kyrkje. Foto: Olaf Grødem

Resultata for 2021 viser at det er vanskeleg å ha som kjerneverksemd å samla folk når det er akkurat det ein skal gjera mindre av. Det har spesielt vore vanskeleg at alle planar har vore usikre. Året har bølga fram og tilbake, med ein blanding av gjennomførte og utsette tiltak, glede over gode idear som fungerer og ei kjensle av at nå har det vore tungt for lenge - men me brettar opp ermene og står i det ein runde til.

Prostar melder likevel om imponerande omstillingsevne blant dei tilsette. Denne evna har nok ofte gått saman med ei kjensle av at året ikkje har vore enkelt, men ein har stått på likevel. «Gjenåpningen førte til en enorm aktivitet i menighetene. Ikke minst krevde gjennomføring av utsatte konfirmasjoner og oppstart av nye konfirmantkull mye av de ansatte. Mye energi gikk til å glede seg over tilbakevendte muligheter samtidig som «normal drift» skulle på plass på et øyeblikk.»

Nokre høgdepunkt

Av fleire saker å gleda seg over, kan det trekkast fram at ny kyrkje på Tau i Strand kommune blei vigsla 12. september. Sandnes kommune har sett av 50 millionar til ny kyrkje i Ganddalen sokn, og prest og folk til å fylla kyrkja med liv er på plass. Randaberg kyrkjelyd fekk trusopplæringsprisen for 2021, for KAOS-kyrkje, ei tilpassa gudsteneste for små barn og familiane deira.

Eit viktig resultat frå 2021 er at trusopplæringa har stått sterkt gjennom pandemien. Oppslutninga i prosent er nærast den same som før. Kyrkjelydane har gjort eit flott arbeid, med å nytta periodar med opning for arrangement og finna nye former for kontakt i dei periodane vanlege tiltak ikkje har vore moglege.

Områder med vekst

Det har blitt fleire tilbod til ungdom etter konfirmasjonsalder, fleire leiarkurs og fleire tilbod til unge vaksne. Me håpar dette vil føra til auka deltaking på sikt. Pilegrimsarbeidet veks.
Me har oppretta konto for bispedømmet på Instagram. Denne er i startfasen. Me har vore meir synlege i media, også på grunn av konfliktsaker som er utfordrande for omdømmet vårt.
Det har blitt starta fleire nye, gode diakonale prosjekt i 2021. Talet på samtalar går opp med om lag 50 prosent. Det er fleire sorggrupper. Dette viser at kyrkjelydane tenker diakonalt og har vore godt på plass i pandemien, på område som er viktige for folk.

> Prestestillingar retta mot ungdom har starta ny verksemd. Fleire har blitt vigsla til kyrkjeleg teneste. Dei trengst!

> Mange er interesserte i å delta på trusopplæringstiltak. Kyrkjelydane har klart å gje fleksible og gode tilbod. Det fører til at oppslutninga om trusopplæring er stabil.
Nedgangen i tal på vigslar i kyrkja har stoppa opp. Det blei rapportert om like mange opne kyrkjer i 2021 som i 2020, men me kjenner til meir aktivitet som ikkje blei rapportert inn.

Utfordringar

> Omtrent halvparten så mange som i 2019 har vore på gudstenester. Det er for tidleg å trekka andre konklusjonar enn at det ikkje er sjølvsagt at alt blir som før etter pandemien. Me ser ein liten nedgang i oppslutning om gravferd, konfirmasjon og dåp. Konsertar og kulturarrangement har det vore færre av enn vanleg, men meir enn i 2020.

> Det har blitt færre språkkafear og har vore vanskeleg å driva lokalt arbeid med religionsdialog. Misjonsavtalane har gjeve mindre inntekter enn i 2020, mykje på grunn av lågare aktivitet.

> Mest alvorleg er det at viktige tal i medlemsundersøkinga peikar nedover. Noko kan forklarast av at pandemien har gitt rom for færre møtepunkt med kyrkja, men oppslutninga om dåp, tru og andre kyrkjelege handlingar står fram som meir sårbar enn tidlegare. Det har også vore færre frivillige engasjert i lokalt arbeid.

Eit bispedømme med sterkt engasjement

– I Stavanger bispedømme er det mange som synest kyrkje, tru og diakoni er viktig. Me lever i ei tid der kyrkja ikkje er ein sjølvsagt storleik. Samtidig som me har sterke og gode tradisjonar, startar nå arbeidet med å vera kyrkje etter pandemien, i ei verd som har vist seg usikker og utfordrande, også i det trygge Norge. Det er eit godt stykke igjen til det blir himmel på jord, men engasjementet for å vera ei kyrkje som trur, opnar, bryr seg, deler og inviterer er sterk i bispedømmet me er heldige å få vera i, skriv bispedømmerådsleiar Liv Heidrun Skaar Heskestad og biskop Anne Lise Ådnøy i rapporten.

Her kan du sjå heile årsrapporten for 2021.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"