Kva er det å vera ei kyrkje?

- Eg trudde eg visste kva det var å vera ei kyrkja. Kva det var å tru på Gud. Nå er eg ikkje så sikker lenger, skriv prost i Ryfylke Sigrid Sigmundstad i denne kronikken.

Sigrid Sigmundstad er prost i Ryfylke. Foto: kirken.no

Inni mellom syns eg at kyrkja har blitt ei meinings-kyrkje, og eg veit ikkje om eg vil vera med. Kven er eigenleg innanfor eller utanfor? Kva er godt nok når det gjeld tru?

For om lag 45 år sidan stod eg konfirmant i Fister kyrkje. Så vidt eg hugsar, gjekk heile ungdomsskuleklassen min for presten. I heimbygda mi var me 3 jamgamle jenter på kyrkjegolvet det året. Me knelte alle tre på altarringen og fekk prestehanda på hovudet vårt. Ei bøn om velsigning over dagen og framtida. Eg tippar at foreldra våre var rørte då som nå. Men trudde me nok der me knelte for Herrens altar?

I albumet mitt har eg eit bilete som vart teke på kyrkjebakken. Me tre jentene står der i vår finaste stas: ei i moterett, lårkort kjole, ei i fotsid finkjole, ei i  bunad. Ulike, ja - men likevel temmeleg like. Me var jenter på om lag 14 år. Det året dreiv me og diskuterte om me kunne få danse på kommunehuset når me hadde elevkveldar. Diskusjonen gjekk høglytt. I dag diskuterer me andre ting. I kyrkja og utanfor kyrkja.

I år rundar me 60 me som vart konfirmerte i kyrkjene i Hjelmeland det året. Eg veit ikkje kor mange av oss som er blitt aktive kyrkjegjengarar, me er jo spreidde rundt - me som andre. Eg må likevel innrømme at det ikkje er så ofte eg møter på jamaldringane mine i kyrkja ein heilt vanleg søndag kl 11. Men dei kjem når barnebarnet skal døypast, eller dottera skal gifte seg. Og sjølvsagt er dei der når me samlast til gravferd i  bygda. Då har eg litt av den kjensla eg hadde då eg var konfirmant. Me er der saman. Ulike, ja – men likevel, temmeleg like – for Vår Herre. For meg er det tru.

Når me diskuterer som mest iherdig i kyrkja, blir eg av og til i tvil. Ikkje på Gud, men på kyrkja. Kvifor er me her? Kvifor skal me absolutt ha ei kyrkje? Kyrkja er for meg ein stad for tru. Tru på Gud. Tru på Jesus. Tru på den heilage Ande. Ein stad for håp. Eit håp som held i liv og død. Ein stad for å bli minte om kjærleiken. Den kjærleiken som er større enn våre famlande liv. Den kjærleiken som ikkje sviktar. Den som Jesus viste oss. For meg eg kyrkja ein stad der eg på forunderleg vis får kome og knytta livet mitt til det som er heilagt, ja, til Gud sjølv.

Det var det me gjorde den gongen me tre jentene knelte der på altarringen i Fister kyrkje. Det var svært mykje me ikkje forstod. Og tankane våre kunne nok danse langt av lei. Likevel: Me var der. Med alt det som var vårt.

Me kan diskutere opp og i mente både i og utanfor kyrkja også i dag. Skarpe meiningar vil alltid finnast og brytast. Men ved Herrens altar er det ein som er større enn oss som kallar oss saman. Han kjem med den kjærleiken som me kallar nåde. Guds nåde. For meg er kyrkja ein  nådens stad. Difor håpar eg at Paulus hadde rett då han skreiv: «For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryte av seg sjølv.» (Ef 2,8-9)

Kvar søndag er det nokon som finn vegen til kyrkja. Nokon kjem ofte. Nokon av og til. Me som kjem er ulike. Men ein ting har me felles: Me har ein Far i himmelen som elskar oss. For meg er dette den viktigaste oppgåva kyrkja har: å fortelje at det finst ein som ikkje har gløymt oss. Ein som står i kyrkjedøra og seier til både meg og naboen min: Velkomen heim!

Sigrid Sigmundstad, prost i Ryfylke

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"