Slik går de fram

Tid og stad

Ved dødsfall melder ein ønskje om gravferd til kyrkjekontoret. Gravferdstidene for Hareid og Ulstein er tysdagar og fredagar kl 10:30 og 13:00. Mange nyttar eit gravferdsbyrå i den fyrste veka, men det er også høve for pårørande å gjere mykje sjølve.

Planlegging av gravferd

Når tidspunktet for gravferda er fastsett står kyrkje, prest, organist og kyrkjetenar til hjelp for dei pårørande. Organisten kan bistå i val av musikk og solo-songar, og kyrkjevergen hjelper til med å finne eigna gravstad. Presten tek kontakt med pårørande og avtaler ein samtale. Presten sitt møte med dei nærmaste skal vere ei planlegging av gravferda, hjelp i sorgprosessen, og å lytte til fortellinga om den avdøde sitt liv. Pårørande skriv eit minneord om dei store linjene i avdøde sitt liv, som pårørande eller presten les i gravferda. Forutan å bestemme salmar og solosong, kan pårørande sette sitt personlege preg på gravferda ved å bidra med skriftlesingar og andre symbolhandlingar. Det er høve for slekt og vener å ha korte minnetalar eller kransepåleggingar som vi kallar det i seremonien, og pårørande avgjer rekkefølge og antal.

Gravferd er eit høve til å minnast den avdøde sitt liv og sjåd ette livet i lys av Guds nåde. Difor utgjer seremonien ein rekke handlingar som til saman skal hjelpe oss å minnast avdøde og søke trøst og håp. Difor syng vi ilag, vi les ord om kjærleik og håp frå Bibelen, og vi takkar for og overgir den dødes liv til Gud og ber om trøyst og framtidsvon. Så følger vi våre døde til sin siste kvilestad.

Minnesamværet etter gravferda er også eit godt høve til å vere ilag i sorga og dele minner og historier. Alle som sender kondulanser og blome- helsingane får pårørande orientering om innan seremonien, og dei vert samla i ei bok. Det er også vanleg med minnegåve i form av å gje pengar til gode formål framfor blomar til gravferda.

Born og deltaking

Deltaking er godt for vandringa i sorga sitt landskap. Det er viktig å inkludere born på ein god og konkret måte i sorgarbeidet i ein familie. Born bør ikkje skånast for fakta og ein bør unngå å bruka metaforar som «gått bort» og «sovna inn». Å teikne teikningar eller legge roser på kista kan vere gode symbolhandlingar. Det er anbefala at born også får sjå den døde dersom det er mogleg, og alle born er velkomne i gravferd.  Når vaksne gret er det viktig å fortelle born at ein gret fordi ein er lei seg for at avdøde er død, dette fordi born har lett for å tenke at det er deira skuld at vaksne er lei seg.

Minning

Ein søndag i månaden vert dei som er gravlagde siste månaden minna ved at namnet vert lese opp. Nærmaste pårørande får ein invitasjon til å delta her, og det er fint om andre pårørande vert informerte om dette. På Helgemesse vert namna på alle som er døde sidan sist helgemesse lese opp og minna. Det er viktig å kome tilbake til kyrkjeromet etter ei gravferd, og dette er fint for mange.

Kransar

Kransane vert lagt på gravstaden etter at jorda er lagt på. Pårørande fjernar sjølv kransane når dei vil, men er dei ikkje fjerna innan tre veker etter gravferda vil kyrkjegardspersonale fjerne dei.

Økonomi

Gravferd/bisetting er vederlagsfritt for medlemmar av Den norsk kyrkja. Dersom avdøde ikkje er medlem, kan vi likevel utføre gravferd etter våre ordningar mot ein fastsett kostnad for leige av kyrkje, organist og prest.

Rekkefølga i ein gravferdsseremoni:

  • Pårørande kjem til kyrkja i god tid og hjelper bære inn kista.
  • Musikk og ro 20 minutt før
  • Klokkene ringer
  • Musikkstykke eller sol
  • Velkomen ved presten
  • Salme vi syng saman
  • Minneord om avdødes liv
  • Kransepålegging med talar
  • Eventuell solosong 
  • Skriftlesingar
  • Salme
  • Kort andakt med bøn
  • Vår Far
  • Salme
  • Utbæring av kista med musikk

 På gravstaden( evt inne i kyrkja om det er bisetting):

  • Song
  • Skriftord og bøn
  • Evt pålegging av roser
  • Nedsenking av kista
  • Jordpåkasting ( 3 auser med jord på kista)
  • Velsigninga
  • Song

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"