Ulstein kyrkje kan opne!

Vi er glade for beskjeden om at kyrkjene over heile landet kan opne igjen. Ulstein sokn følger dei nasjonale reglane for kyrkjer og vi har plass opp til 100 deltakarar i Ulstein kyrkje

Ulstein kyrkje kan opne!

Generelle koronareglar gjeld som i samfunnet forøvrig: Ingen sjuke deltakarar, god handhygiene/handsprit og 1 meters avstand mellom kohortane (ved song vert avstanden auka til 2 meter). Ulstein kyrkje har strengt smittevern når det gjeld reinhald, tilstrekkeleg bemanning og avgrensing av sosial kontakt.

Når du kjem til kyrkja, vil vi gjerne at du

  • Skriv deg inn i namneprotokoll ved gravferder/vigsler/konsertar eller anna arrangement. Ved gudstenester ønsker vi at du noterer namn og telefonnummer på lappar som ligg i benkane. Kontaktopplysningar vert teke vare på 14 dg, deretter makulert.

Kravet om fastmonterte sete vert erstatta av krav om faste tilviste plassar

  • Det er lov å samle inntil 100 personer på arrangement i tillegg til medverkande, når deltakarane får ein fast tilvist plass.
  • Alle får tilvist fast plass under arrangement i Ulstein kyrkje.
  • Fast tilvist plass inneber at deltakarane får tildelt ein plass eller vert vist kvar dei skal sitje, for eksempel av ein kyrkjevert eller kyrkjeleg medarbeidar.
  • Ein kan ikkje forlate plassen under arrangementet, med unntak av naudsynte ærend (til dømes toalettbesøk, gå fram ved dåp eller nattverd, eller medverknad i arrangement).
  • Det skal framleis vere minst 1 meter mellom alle som ikkje bur saman, i alle retningar målt skulder til skulder.

Song i kyrkja

  • Det skal framleis vere 2 meter avstand mellom personar frå ulike husstand / kohorter dersom det er allsong innandørs.
  • I Ulstein kyrkje vil det ved allsong med 2 meters avstand vere plass til 27-40 deltakarar. Talet kan variere dersom fleire frå same husstand / kohort kan sitje tettare, med 2 meter avstand til neste husstand / kohort.
  • Ulstein kyrkje ønsker å ha plass til så mange som mogleg, og ønsker samtidig å legge til rette for song. Difor vil nokre benkar midt i kyrkja vere merka som «syngebenkar», med 2 meters avstand til neste husstand / kohort. Dei som sitt tettare kan ikkje delta i allsong.
  • Dersom det kjem mange til ei gudsteneste, vil det vere prioritert at flest mogleg får plass. Det kan då hende at talet på «syngebenkar» vert redusert.

Storleiken på arealet, og det vesle kor- og alterromet i Ulstein kyrkje gjer det vanskeleg å overhalde avstandskrav for dei som er involvert i gjennomføringa. For å kunne feire gudstenester der ei større songgruppe eller musikkgruppe er involvert, må vi framleis leige Sjøborg, som også gir plass til 100 deltakarar, men med betre høve til å halde avstand og dermed meir deltaking i allsong.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"