Eit viktig steg nærare Ulstein nye kyrkje!

Det er ei stor glede at bygging av Ulstein nye kyrkje nå ligg inn i Ulstein kommune sine langtidsplaner for investeringar.

samspel mellom eksisterande kyrkje og ny kyrkje med bevaring av nedlagd kyrkjegard. Illustrasjonsbilde frå skisseprosjektet til Ulstein nye kyrkje frå arkitektkontoret Snøhetta

Det er ei stor glede at bygging av Ulstein nye kyrkje no ligg inne i Ulstein kommune sine langtidsplaner for investeringar.

Ulstein sokn har jobba kontinuerleg i 20 år med planlegging av ei ny kyrkje. Dette har skjedd i ein tett dialog og i samarbeid med kommunen som har ansvar for at soknet kan drive sitt arbeid i tenlege lokale.

Det har lenge vore eit aukande behov for større seremonilokale, lokale for å drive kyrkjelydsarbeid og å samlokalisere arbeidet soknet driv, i eit eigna bygg for det. Dagens bruksmønster og bruksfrekvens fører til store slitasjeskader i eksisterande kyrkje. Med eit nytt kyrkjebygg får den verneverdige kyrkja frå 1849 den avlastinga ho treng. Saman med den nye kyrkja vil Ulstein kyrkje framleis vere i aktiv bruk.

Vi er veldig glade for at politikarane ser behovet og tek eit ansvar for at bygging av Ulstein nye kyrkje vil bli realisert i overskodeleg framtid.

Ulstein kommunestyre handsama i sitt møte 18. juni 2020, ein langtidsplan for investeringar for perioden 2021-2031. Bygging av Ulstein nye kyrkje er del av denne planen og ligg der med byggestart i 2026. Det er lagt til grunn ein investeringskostnad på 105 MNOK

Det er også svært gledeleg at vedlikehald av den eksisterande kyrkja er lagt inn med 4,4 MNOK i 2021-2022.

I kommunestyremøtet blei det peika på at samla investeringssum i langtidsplanen er høgare enn den økonomiske handlingsramma til kommunen tilseier.

Framleis fokus på innsamling av midlar er difor eit viktig grunnlag for at bygging av Ulstein nye kyrkje skje så fort som råd.

Les om meir om prosjektet

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"