Klassisk Jul i Ulstein kyrkje 5. desember 2020

I 2020 vert det kun ein julekonsert for Bror Magnus Tødenes og Ida Katrine Hagen Johansen. Og den er i Ulstein kyrkje, der dei gifta seg i 2018. Sist Bror Magnus hadde julekonsert i kyrkja var i 2017 og Vikebladet meldte «…ei oppleving mange seint vil gløyme. Heimepublikummet i Ulstein kyrkje var vitne til ein kveld med song i verdsklasse».

Klassisk Jul i Ulstein kyrkje 5. desember 2020

Programmet vil innehalde mange klassiske songperler og utdrag frå store kyrkjemusikkverk som passar inn mot julehøgtida. O Helga Natt er sjølvskriven og vil truleg nok ein gong «lyfte kyrkjetaket» i samspel med orgelet. Konserten vert akustisk og vert framført både som solosong og duettar. 

Bror Magnus Tødenes (tenor) kjem frå Eiksund i Ulstein kommune, men bur no på Kolbotn i Akerhus. Han har studert ved Consevatori di Musica Santa Cecilia i Roma og ved Institutt for musikk ved NTNU i Trondheim. Han er freelans tenor og har hatt stor suksess i både inn- og utland, med ei rad roller og konsertar på dei store opera- og konsertscenene. Ved Salzburg Festspiele, Salzburg Easter festival, Festspielhaus Baden-Baden, Wiener Staatsoper, Opera de Lyon, Prague National Theatre, Théâtre du Capitole de Toulouse, Opera de Paris ,Den Norske Opera, Bergen Nasjonale Opera, Copenhagen operafestival, Oslo operafestival, Festspela i Bergen, og konsertar i Roma, Reykjavik, Liverpool, Madrid, Poznan, Stockholm, Malmø, Gøteborg,  København, Oslo, Stavanger, Trondheim og Bergen. Han har vunne 1. Pris og publikumspris i Renata Internasjonale Song Competiotion i San Marino. Han har m.a. motteke Jussi Björlingselskapets pris og Equinor stipend for klassisk musikk.

Ida Katrine Hagen Johansen (sopran) kjem frå Kolbotn i Akershus kommune. Ho har master i song ved Universitetet i Stavanger. Ho har fått særs gode meldingar på framføringar i Stavanger konserthus og frå Oslo Operafestival. Ho har hatt roller som m.a. Pamina i Tryllefløyten (Mozart), houvudrolle i The little sweep (Britten) David og Batseba (Kleiberg). Ho har og sunge konsertar ved Filharmonia Romana i Roma/Italia, ved Oslo operafestival, Stavanger konserthus og Sandnes kulturhus.

Hallvard Fremstad (piano) har gått musikklina på Rud (klaver og song) og har hatt pianoundevisning ved Bærum kulturskule, og privatundervisning med m.a. Amalie Christie. I 1987 tok han seg til fylkesfinalen i UKM. Han har og bakgrunn frå Sølvguttene, der han og i ei periode var visedirigent under Torstein Grythe.  Han har og dirigert ei rekke kor og ensembler i Ålesundsområdet, m.a. A Cappella, Mannskoret Dovre, Von Dess og Vokalgruppa Kort og Godt. Han er pianist og akkompagnatør for kor og solistar, m.a. Sølvguttene, Bror Magnus Tødenes, Rein Alexander, Magne Fremmerlid, og Sonja Remmen Alnes. Hallvard Fremstad arbeidar til dagleg som overlege ved revmatologisk avdeling på Ålesund Sykehus.

Konserten startar kl. 19:00

Billettane er til sals på Sjøborg sine heimesider (sjå lenka under) frå 26.11.kl. 13:00

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"