Kveldsgudsteneste frå Ulstein kyrkje

Komande søndag, 31.01. blir det kveldsgudsteneste kl. 19.00, strøyma direkte på Facebook og YouTube. I planlegginga for vinter / våren 2021 ønska soknerådet at det skulle vere ein kveldsgudsteneste i månaden.

Bilde: Cecilie Hatløy

Denne søndagen blir kalla Såmannssøndag, og teksten frå Markusevangeliet handlar om Guds rike som blir likna med eit sennepsfrø. Eit sennepsfrø er eit bittelite frø som kan bli eit tre stort nok til å strekke seg inn i himmelen. Slik er det og med Guds rike blant oss, det kan ein dag bli mykje større enn vi har trudd. Eit frø har inga aning om kor stort det kan bli!

Finn gjerne fram eit lys å tenne, Bibelen og salmeboka for å delta frå stova di på denne kveldsgudstenesta.

Bibeltekstar:
Jer 20, 7-9, Rom 10, 13-17 og Mark 4, 26-34.

Salmar:
NoS 440:Kom, kom og hør et gledens ord
NoS 391:Som bonden tek eit fang av markas grøde

NoS 678: Vi rekker våre hender frem
NoS
824: Ingen stund är såsom denna

Offerformål: Norsk Gideon
VIPPS 77615

Delta på gudstenesta på internet:
https://www.youtube.com/channel/UCAhU5GnDM5Rk4bXrDA_lYOg

For deg som ønskjer eit tilbod på føremiddagen, ligg det inne sendingar kl. 11.00 via kyrkja.no, eller du kan lytte til radiogudstenesten på NRK P1.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"