Eyvind Skeie er fødd i Bergen i 1947. Han er utdanna teolog og arbeida som prest fra 1975 til 1980. Etter nokre år i Kirkens Bymisjon blei han frilans forfattar på heiltid.
Han har arbeidd over et vidt med felt, med alt fra manuskript til fjernsyn for barn, som Portveien 2 og Sesam Stasjon, til skjønnlitteratur, fagbøker, biografiar, salmer og dikt.
Skeie har også hatt oppdrag i utlandet, kor han har arbeida med og for kristne muslimske land, mellom anna Aserbajdsjan og Egypt. Biografien ”Mama Maggie”, som utkom i 2014, er eit eksempel på dette.
I dei siste åra har Skeie også arbeida med å utvikle et pedagogisk program for vaksne og born i norske barnehagar, i samarbeid med Universitetet i Stavanger og norske kommunAr. ”Være Sammen” handlAr om varme og grensesettAnde vAksne og medvirkande born.
Eyvind Skeie er kjend som ein engasjerande formidlar. Han er godt kjent i salmeskatten, og har mange salmekveldar omkring i landet, med eigne og andre sine salmar.
I 2007 gav Skeie ut si ega salmebok med 316 salmer. I den nye norske salmeboka har han 55 eigne og oversette salmer.
To av Skeie sine mest kjente tekster er ”En stjerne skinner i natt” og ”Tenn lys”. Desse songene er blitt folkeeie i landet vårt.
- Salmen er mennesket si røyst, som svar på Guds tiltale og som uttrykk for menneskeleg troserfaring, seier Eyvind Skeie.
– På salmekvelden vil eg fortelle litt om nokre av salmetekstane mine, og så vil dei bli fremført av forsamling og kor. Salmen er eit viktig kulturuttrykk i kyrkja.