Karine Sæter vigsla til diakon

Med Korklubben, pappa- band og Ulstein KFUK-KFUM som sto for kyrkjekaffen, var det duka for ei familiegudsteneneste kyrkjelyden hadde lengta etter.

Fremste rekke frå venstre: tidl. diakon Ranveig Kaldhol, diakon Karine Sæter, biskop Ingeborg Midttømme, tidl. diakon Eli Leie Sæter. Midtrekka frå venstre: fung. Sokneprest Jørgen Skogestad Kleiven, medhjelpar Stig Grønmyr, diakonirådgjevar Eline Elnes Rabbevåg, kantor Ståle Helvig. bakre rekka frå venstre: soknerådsleiar Odd Arne Vikebakk, klokkar Inge Kaldhol, kyrkjeverge Christfried kaul, kyrkjetenar Jan Erling Davidsen, prost Ingeborg Matre

Sjølv om Karine har vore tilsett i Ulstein sokn ei stund er vigslinga noko som understreker betydninga av tenesta både for medarbeidaren og for kyrkjelyden. Å vere kalla til å leia kyrkje si omsorgsteneste er ei oppgåve med mange facetter.

Gjennom diakonien har kyrkja ei brei kontaktflate inn i lokalsamfunnet og diakoniarbeidet i Ulstein sokn betyr mykje for både fellesskapen i kyrkjelyden og ei god samfunnsutvikling.

Biskop Ingeborg Midttømme sto for vigslinga. Ho hadde med seg diakonirådgjevar Eline Elnes Rabbevåg og prost Ingeborg Matre. Fungerande sokneprest Jørgen Skogestad Kleiven leia oss trygt gjennom gudstenesta der mange frivillige og heile staben bidro. Ein fest for kyrkjelyden!

Vi ønskjer Karine Guds velsigning i si teneste!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"