Sorgen og gleden de vandrer til hope- Tysdagstreff i Sæbø kyrkje 22.oktober

Vel møtt til ein kveld med song og samtale om tap og sorg- og å leve vidare. Ove Danielsen og Kari Marie Gurvin Molvik deler sine erfaringar.

Sorgen og gleden de vandrer til hope- Tysdagstreff i Sæbø kyrkje 22.oktober

Songar, pianist og låtskrivar Ove Danielsen har vore gravferdssongar i over 25 år, og har på denne måten opparbeida seg eit variert repertoar. Frå han var 12 år har han spelt orgel og piano i kyrkjene der faren var organist. Far hans fekk Alzheimer tidleg, medan dei to gutane hans var i tenåra. Erfaringar frå denne sjukdomsperioden har òg laga spor av ein vedvarende sorg i livet hans. Korleis er det å vera«Sorgsongar»? Å skulle toneleggja andres sorg? Å møta familien sine ynskje på ein slik måte at dei kjem seg eitt skritt vidare? Ikkje sjeldan har han opplevd at han har fått vore til hjelp, på denne måten. Sorg er ein del av livsstrengen som går frå vogge til grav. Dei seinare åra har han laga eigne songar som set ord på ulike typar sorger. Fleire av desse får du høyre denne kvelden. 

Kari Marie Gurvin Molvik var diakonimedarbeidar i Radøy sokn i 2 år. Før dette, mista ho si 11 år unge jente i kreft. Kordan kan livet gå vidare etter ei slik erfaring? Gudveig Kartveit Sundsbø har ein samtale med henne, der ho fortel om si oppleving. 

 

Velkommen til Tysdagstreff med eit visst alvor over tema, men spekka med lysglimt og håp. 

 

Kveldmat etterpå. 

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"