Tysdag 23.november vert det eit kreativt treff der me får lære å binde kransar til advent og jul.
Linn Mari Rath hjelper oss, og me får lage vår eigen krans.
Om nokon har halmkrans frå før, kan du gjerne ta den med og pynte den! Me er glad i gjenbruk.
Astrid Myrtveit deler nokre adventstankar med oss, og det vert songinnslag av Maria Sol Haukeland Heggernes.
Me et kveldsmat saman.
Grunna diverse utgifter til kransebindingen, tar me kr 200- 250 for kvelden.