AVLYST Firehendig flygelkonsert i Manger kyrkje

Søndag 2.juni kl. 17:00 innbyr vi til ein spanande konsert med musikk for firehendig klaver i Manger kyrkje. Det er Aase/Vogli-duo, med base i Alver kommune, som står for musikken denne ettermiddagen.

AVLYST Firehendig flygelkonsert i Manger kyrkje
Aase/Vogli duo består av pianistane og ekteparet Enxhi Vogli Fluge og Sivert Aase Fluge. Duoen vart skipa i 2020 og har sidan då hatt fleire konsertar og oppnådd ei rekke prisar i kammermusikkonkurransar i Noreg og Tyskland. Dei har studert piano under professorane Sveinung Bjelland, Tellef Juva og Kristina Laço.
 
Mellom seg har dei opptrådt på fleire store scenar i Noreg og Albania. Dei har blant anna nylig framført Francis Poulencs konsert for to klaver og orkester i Operahuset i Tirana saman med Albanias kringkastingsorkester. Dei har og vore solistar med Kristiansand Symfoniorkester og Agder Symfoniorkester.
 
Det vert variert musikk frå forskjellige periodar i musikkhistorien.
  • Schuberts monumentale fantasi i f-moll, 
  • Ravels eventyrsamling"Gåsemor forteller" og
  • Poulencs fargerike sonate for 4-hendig klaver.
Sivert fortel underveis litt av historia om bruken av 4-hendig klaverspel og korleis dei forskjellige verka passar inn i denne tidslinja.
 
Konserten vert eit av stoppa i Aase/vogli duo sin konsertturné som startar i Oslo i april.
 
Konserten er GRATIS for elevar ved Alver kulturskule. Vanleg billettpris kr. 250,-

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"