Leigesatsar for kyrkjene i Alver (nye prisar frå 2024)
- Konsertar og andre inntektsbringande arrangement
15% av bruttoinntekta, minimum kr 2.500. I Knarvik kyrkje er minsteprisen kr. 3.650.
Leiga dekkar utgifter til oppvarming, reingjering m.m. - Ikkje-inntektsbringande konsertar/arrangement
Kr 2.600. Knarvik kyrkje kr. 3.650. - Arrangement som har born og unge som målgruppe betalar 15 % av brutto billettinntekter, med ein minstesats på kr. 0,-.
- Det skal som ein hovudregel vere kyrkjetenar til stades ved alle utlån av kyrkje. Kyrkjetenar vert utfakturert med kr 332 pr time. Viss det ikkje er kyrkjetenar på eit arrangement, må det vere ein person som er brannvernansvarleg.
- Det skal ikkje betalast leige for gudsteneste eller oppbyggeleg møte.
- Ved øving i forkant av arrangement skal det som regel ikkje betalast leige for kyrkja, men leigetakar kan verta fakturert for ekstra oppvarming og reingjering ved behov. For øving eller førebuing/rigging dagen før skal ein betale kr. 500 for dag 2.
Ta kontakt med kyrkjekontoret i det aktuelle soknet for å avtale leige av kyrkja:
- Knarvik sokn (Knarvik, Seim, Alversund, Lygra)
- Lindås sokn (Lindås, Hundvin, Myking)
- Meland sokn (Meland)
- Osterfjorden sokn (Ostereidet, Hjelmås, Vike)
- Radøy sokn (Manger, Hordabø, Sæbø)