Trusopplæringsplanen for Fitjar vart godkjend hausten 2013.
Me inviterer alle døypte per brev. Me annonserer i tillegg i kyrkjelydsbladet, på facebook og flyers. Alle som er i rett aldersgruppe er velkomen, sjølv om dei ikkje er invitert per brev.
Under finn du informasjon om ulike tiltak. For nærare informasjon om dei ulike tiltaka, påmelding, og anna, sjå under eller ta kontakt med kyrkjelydspedagogen!
Tiltak |
Namn |
Meir informasjon |
B0 |
Dåp |
Alle er hjarteleg velkomen til dåp |
B1 |
Babysong |
Alle døypte får invitasjon til babysong. Men det er sjølvsagt mogleg å byrje før barne er døypt. Du er også hjarteleg velkomen om du ikkje har tenkt å døype barnet |
B2 - 4 |
Småbarnssong |
Kveldssamlingar ca 1 gong i månaden med song og ei bibelforteljing. Me et nistekvelds saman |
B4 |
Utdeling av 4-årsbok og kyrkjevandring |
På laurdagen vert barna betre kjent med kyrkja og dei som jobbar der. Dei får 4-årsbok på gudstenesta om søndagen. |
B5 |
Den gode gjetaren |
Ein ettermiddag på hausten, før søndagsskulens dag, samlast barna i kyrkja for å syngje, be og høyre om Jesus som dedn gode gjetaren. |
B6 |
Barnas påskefest |
Ein søndag rett før eller etter påske, feirar me barnas påskefest. Barnegospel syng, og 6-åringane får bok. |
B7 |
Pinsefest |
Kyrkja sin bursdag er vert å feire. Fest i kyrkja ein ettermiddag etter skulen på våren. |
B9 |
Tårnagent |
Dette er eit stort arrangement for alle som vert 9 år. Dei er agentar i kyrkja på laurdagen, og skal finne skattar i kyrkja. Søndagen deltek dei på gudsteneste. |
B10-11 |
Båten/Pilegrim |
10 og 11-åringane er saman. Det vert Båten og Pilegrim annakvart år, på våren, slik at alle skal få med seg begge tiltaka i løpet av dei to åra. Begge er i hovudsak ute, og dei får oppleve naturen og bibelforteljingar. |
B11 |
Lys vaken |
Når det er mørkt ute, er det lys i kyrkja. Barna får komme på overnatting, og får vite meir om å vere vaken med og for Jesus. |
B15 |
Konfirmasjon |
Gjennom eit år med samlingar i kyrkja, festival og gudsteneste, lærer 15åringane om seg sjølve, Bibelen, kyrkja, og alt som dette rommar. |
B16 -18 |
VIDARE |
Tilbod etter konfirmantåret. Me tek det eit steg vidare. |