Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Nytt frå soknerådet

Fitjar sokneråd har gjennom fleire år arbeida for å sikra ei stabil ordning med eigen kyrkjelydsprest i full stilling. Det har dei siste åra vore vanskeleg å få på plass sikker finansieringg av heile stillinga. Vidare har både kyrkja i Fitjar og andre stader hatt store vanskar med å få kvalifiserte søkjarar til lokale prestestillingar.

På bakgrunn av dette avgjorde soknerådet i 2017 å etablera ei stilling som kombinert kyrkjelydsprest/trusopplærar. Då kunne det øyremerkte tilskotet som vert utbetalt til trusopplæring vera med å finansiera stillinga. Denne stillinga har vorte lyst ut to gongar siste året, utan at ein har fått søkjarar som kan fylla heile stillinga med dei oppgåvene som soknerådet vil prioritera.

Soknerådet legg stor vekt på at det no trengs stabilitet i trusopplæringa, med personell som har  kompetansen og eigenskapane som skal til for å nå alle aldersgruppene i denne tenesta.  På bakgrunn av dette avgjorde  soknerådet på møte den 13. juni at det skal lysast ut ein 80 % stilling som trusopplærar i Fitjar kyrkje, så snart ein har sikker finansiering på plass.

Kva som skjer med stillinga som kyrkjelydsprest vil soknerådet komma tilbake til i eiga sak til hausten.  Då vil rådet og sjå på retningslinjer for fondet som er sett av til å finansiera stillinga som kyrkjelydsprest i tronge tider.

Soknerådet har elles lagt vekt på fylgjande:

  • Soknepresten gjev klårt uttrykk for at det er ressursar til trusopplæring  som må prioriterast for å byggja Fitjar kyrkjelyd for framtida. 
  • Arbeidsvilkåra til soknepresten har vorte vesentleg betre dei siste åra, med ordna arbeidstid og meir hjelp til å utføra tenesta. Det er difor ikkje  same behov for avlastning i prestetenesta som tidlegare.

Soknerådet har forståing for at det er sterke kjensler knytt til det som gjeld eigen kyrkjelydsprest i Fitjar.  Ordninga har i mange år vore til stor velsigning for kyrkjelyden, men soknerådet har  teke inn over seg at tidene har skifta. Då må ein vera villig til å sjå på nye løysingar.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus

Ekspedisjonstid kyrkjekontor:  Onsdag og Fredag  kl. 10.00-15.00

 

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.

Telefon: 53 45 85 00 (sentralbord) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no