Denne ettermiddagen skal me syngje, høyre ein spanande historie om Barabbas, leike og bygge med duplo. Me skal kose oss med bollar og tilslutt i samlinga får de utdelt ei bok i gåve frå kyrkjelyden.
Me serverer bollar og saft, og har alternativ til dei som treng glutenfritt og laktosefritt. Det er ikkje påmelding, men er det noko de tenkje er bra at me veit om, kan de ta kontakt med kyrkjelydspedagog Randi L Matre på tlf 95138562.
Søndag 6. april er det familiegudsteneste og Fitjar barnegospel er med og syng. Me har pynta alteret og de er spesielet velkomen til denne gudstenesta.