På Fitjar kyrkjegard har arbeidet med nytt gravfelt starta opp.

Engevik & Tislevoll AS er tildelt oppdraget og har starta arbeidet med å etablera eit nytt gravfelt på gravplassen. Arbeidet skal etter planen gå føre seg fram til slutten av mai. I denne perioden vil alle aktivitetane i kyrkja kunna gå som vanleg.

På Fitjar kyrkjegard har arbeidet med nytt gravfelt starta opp.

Tilkomsten til kyrkja kan i periodar vera noko avgrensa, men det vil alltid vera mogleg å koma seg inn gjennom ein av portane. Entreprenøren vil syta for god sikring rundt anleggsområdet. Ferdsel må likevel skje varsamt når arbeidet pågår. Me vil leggja vekt på at brukarane av kyrkja og gravplassen ikkje skal oppleva ulemper som følgje av anleggsarbeidet. Ta kontakt med kyrkjeverja på tlf. 913 47 802 dersom det skulle vera spørsmål.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"