I konfirmasjonstida er det rom for å utforske mange viktige sider av livet saman med andre. Som konfirmant får du lære meir om deg sjølv, om tru, om Gud og den verda du er ein del av.
Me håper du vil vera konfirmant hos oss!
KVA ER KONFIRMASJON?
Ordet konfirmasjon kan tyde både «å stadfeste» og «å gjere sterk».
Eit høgdepunkt i konfirmasjonsgudstenesta er når me ber ei bøn for deg. I bøna ber me Gud om å velsigne deg og å styrkje deg på din veg vidare i livet. Det viktigaste med konfirmasjonstida er å vere ein del av eit fellesskap og bli betre kjent med den kristne trua. Konfirmasjonen er ei påminning om at Gud i dåpen sa ja til å vere ein del av ditt liv.
KONFIRMASJONSTIDA HOS OSS
Det er ulike samlingar i kyrkja gjennom året. Samlingane er i grupper rett etter skuletid. Samlingane startar med varme rundstykke med pålegg. Vidare utforskar me ulike tema om trua, bibelen, Gud, Jesus og Den heilage ande.
De kan velje mellom to alternativ
1: Tysdagar kl.14.15-15.45
2: Onsdagar kl.14.15-15.45
Me startar konfirmantåret med ein ettermiddag ved Storavatnet. Me reise på konfirmantfestival saman med andre konfirmantar. Me har også ein heildagsaktivitet på ein av skulefri dagane på våren.
SEMESTERAVGIFT
Det kostar 1000,- kr i halvåret å vere konfirmant. Det dekkjer blant anna mat, materiell til samlingane, festival og aktivitet.
KONFIRMASJON ER FOR ALLE
Alle er velkomne til konfirmasjonstid i kyrkja– både du som trur, tviler, er usikker, ikkje trur, ikkje har tenkt på sånt før eller er nysgjerrig.
Alle menneske er ulike, og treng ulike tilpassingar. Uansett funksjonsevne har du rett til ei god konfirmanttid. Har du behov for individuell tilrettelegging, kan de å ta kontakt med kyrkjelydspedagog Randi L Matre på tlf 95138562 eller e-post rama@fitjar.kommune.no. Saman med konfirmanten og føresette finn me ut korleis me kan gi deg det beste tilbodet.
KONFIRMASJON OG DÅP
Er du ikkje døypt og lurer på om du likevel kan bli konfirmert i kyrkja? Klart du kan, og du er heller ikkje åleine! Over tusen ungdomar vert døypt kvart år i forkant av konfirmasjonen. Du får informasjon på førehand og på sjølve dåpsdagen har du med deg dine næraste i ein fin seremoni.
INFORMASJONSMØTET ONSDAG 11.JUNI kl. 17.30 I FITJAR KYRKJE
Dette er for føresette og konfirmanten
PÅMELDING
Gå inn på www.kyrkja.no/fitjar og fyll ut skjema for innskriving under fana «konfirmant». Dersom du ikkje veit alt som skal fyllast inn, skriv det du veit og send inn, så ordnar me det som manglar seinare. Ynskjer de spesiell tilrettelegging, ynskjer vi også informasjon om dette tidleg.