Prostigudsteneste i høve 500 årsjubileet for reformasjonen

Tysdag 31. oktober er det 500 år sidan Martin Luther offentleggjorde dei 95 tesane sine. På Reformasjonsdagen vert det i år ei felles jubileumsgudsteneste i Sunnhordland prosti. Jubileumsgudstenesta vert i Fitjar kyrkje kl. 19.00

Nåden aleine
Tema for jubileumsgudstenesta er «Nåden aleine.» Nåden er eit nøkkelord i reformasjonen. Bispemøtet seier i samband med reformasjonsjubileet: «Den norske kirke og den lutherske kirkefamilie vil løfte fram den gode kjernen i arven etter Luther: Hans forståelse og formidling av evangeliet om Guds betingelsesløse nåde og barmhjertighet.»

Hagesæther
Prostirådet i Sunnhordland er takksame for at Ole Danbolt Hagesæther, biskop emeritus, er predikant i jubileumsgudstenesta. Hagesæther var biskop i Bjørgvin frå 1994 – 2008. Rådet trur at Hagesæther med sin rike erfaring og kompetanse i sjelesorg vil ha mykje å gje i preike om «Nåden aleine.»

Song og musikk
Martin Luther var særs glad i song og musikk, dette vil setja preg på jubileumsgudstenesta. Kantor er Jan Overweg, han har funne fram mykje fint. Bremnes kantori med dirigent Jostein Molde syng i gudstenesta. Molde har laga ein ny motett for kor og orgel over Johannesevangeliet kapittel 1, vers 16 – 17 med tittel «Nåde over nåde» til denne jubileumsgudstenesta.

Fitjar kyrkje        
Jubileumsgudstenesta vert i Fitjar kyrkje på kvelden reformasjonsdagen. I år er Fitjar kyrkje 150 år. I samband med at dei fekk nytt orgel i vår, vart kyrkjerommet renovert med m.a. nytt galleri. Etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi.

Andre medverkande
I jubileumsgudstenesta vert det nattverd og takkoffer til Prostirådet. Liturg er prost Svein Arne Theodorsen. Mange frå heile Sunnhordland gjer teneste i denne prostigudstenesta.

Alle velkomen!
Prostirådet i Sunnhordland og Kyrkja i Fitjar ynskjer folk frå heile prostiet velkomen til denne spesielle gudstenesta.

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus

Ekspedisjonstid kyrkjekontor:  Tysdag, Onsdag, Torsdag, Fredag  kl. 09-15.00

Telefon: 53 45 85 00 (sentralbord) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no