Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

TV-Aksjonen 21. oktober: Mindre åleine saman

TV-aksjonen NRK 2018 går til Kirkens Bymisjon. Gjennom TV-aksjonen i år skal vi skape eit varmare og meir inkluderande samfunn. Pengane som blir samla inn skal skape 700.000 møte mellom menneske.

Noreg er eit samfunn der skilnaden mellom folk aukar. Skilnader som ikkje fyrst og fremst handlar om etnisitet eller religion, kor du kjem frå eller kven du er, men om du er innanfor eller utanfor.

Det er mange måtar å vere utanfor på. Frå å mangle ei seng å sove i, til å vere utanfor i arbeidslivet eller sosiale fellesskap. Dette råkar ikkje berre enkeltpersonar, men gir ringverknader for alle.

Med TV-aksjonen NRK 2018 kan Kirkens Bymisjon skape møte som kan redde liv. Ved å opne dører og legge til rette for at fleire kan møtast, skal vi vise kvifor TV-aksjonen i år er viktigare enn aldri før. Vi skal tilby menneske som opplever å stå utanfor, eit nytt fellesskap, ei seng eller ein samtale og slik  bidra til at fleire får sjansen til å oppnå eigne mål og draumar.

BLI MED PÅ DEN STØRSTE DUGNADEN I VERDA!

Bli bøsseberar, ring 02025 eller gå inn på blimed.no

 

Kontaktinformasjon for Fitjar kyrkje

Kyrkjekontoret ligg i Fitjar rådhus

Ekspedisjonstid kyrkjekontor:  Onsdag og Fredag  kl. 10.00-15.00

 

Ta kontakt på telefon om døra er låst og me er ute på oppdrag.

Telefon: 53 45 85 00 (sentralbord) 
Postadresse:
Postboks 10, 5418 Fitjar 
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no