Vigsel i kyrkja
Vigsel er ein fest for kjærleiken. To menneske lovar å elske og ære kvarandre, og å halde saman i gode og onde dagar resten av livet. Det handlar om dei to, men dei to står ikkje åleine. Løfta vert gitt med vitne til stades.


Dei som ønskjer å gifta seg i Fitjar kyrkje må først ta kontakt med kyrkjekontoret for å avtale dato for bryllaupet.
Så må kvar av brudefolka fylle ut "Erklæring for prøving av ekteskapsvilkåra", og kvar av forlovarane må fylle ut "Forlovererklæring". Desse papira kan ein laste ned i boksen "Viktige skjema" nedst på denne sida. Ein leverer dei ferdig utfylte papira til folkeregisteret. Brudepar der begge bur utanfor Fitjar sokn lyt frå 2010 betala kring 2500,- for prest.