Dåp

Jesus døypte ikkje, men utfordra menneske han møtte til å vere saman med han og følgje han. Etterfølgjarane til Jesus fekk i oppdrag å gje dåpen vidare til menneske over heile verda og å undervise om Gud sin gode vilje med menneska sine liv.

Det er ingen aldersgrense for dåp, men i Den norske kyrkja er barnedåp vanlegast. Når eit barn vert bore til dåp, vert vi minna om at ingen kan bere seg sjølv. Gjennom dåpen vert vi ein del av kyrkja, eit fellesskap som strekk seg over heile verda - og gjennom alle tider.

Det er ei markering der barnet har alle sine viktigaste støttespelarar rundt seg, og der Gud lover å følge barnet alle dagar. Gjennom eit år har vi dåp om lag 90 gonger i kyrkjene i Giske. Somme søv, somme går dit sjølve..somme gret iltert, medan andre ser undrande på presten som tre gonger slår vatn over hovudet; i namnet åt Faderen, Sonen og Den heilage ande. Ønskjer de dåp i ei av kyrkjene våre, ta kontakt med Kyrkjekontoret på tlf: 70188040.

Sitat

Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til.

Markus 10, 14