Dei i sokneråda som sit i redaksjonen knyt gjerne til seg eit par personar som blir med som skribentar. Redaksjonsmøte blir halde på kyrkjekontoret.
I siste fase før ei utgjeving er kyrkjeverje med og ferdigstillar bladet i samarbeid med ein grafisk designar.
Bladet blir utgitt 3 gongar pr. år. og kvart nummer har ein kostnad på 13.000,- (ekskl. mva.) for oppsett og trykking, samt 4.000,- for utkøyring. Noko av utgifta blir dekka av annonser, resten må dekkast inn av pengegåver. Blir det for lite pengegåver eit år må fellesrådet dekke underskotet og blir det pengar att eit år vert dette set på fond øyremerka kyrkjebladet.
I dag er det 9. klasse ved Slidre skule som står for utkøyringa.
Første utgåve av bladet kom i 1959. Det første bladet trykt i fargar var truleg nr. 1/2005. Layout og tjukkleik har naturleg nok endra seg gjennom åra og i dag framstår bladet som både ryddig, informativt og innhaldsrikt. Alle blad vi har digitalt er no lagt ut på nettsida; sjå PDF-filar nedanfor.
Har du spørsmål om kyrkjebladet og /eller har ønsker om ting vi bør skrive om? Kanskje du sjølv kan tenkje deg å vere med som skribent? Eller du vil kome med ris eller ros? Då er du velkomen til å ta kontakt med kyrkjekontoret eller ein i redaksjonen!
I redaksjonen sit:Johanna Fuglesteg, Sigrun Sørengen, Elisabeth Robsahm Dahl, Per Olav Eide, Johanna Fuglesteg, Anne Karin Rud Truberg og Veslemøy Kvamme.
Grafisk designar: Erik Nyland