Julepreike: Vi treng ord om nåde og sanning

Les preses Olav Fykse Tveit sin julepreike frå gudstenesta i Nidarosdomen, 1. juledag 2023, her. Du kan også sjå og høyre gudstenesta på NRK TV og radio.

Olav Fykse Tveit hadde julepreika i Nidarosdomen, 1. juledag 2023.

Gledelig jul! I år som andre år, kan du få med deg julebodskapen der du er med NRK sine sendingar frå kyrkja i jula.

Olav Fykse Tveit, preses i Den norske kyrkja, held preika i høgtidsmessa i Nidarosdomen 1. juledag 2023 kl 11.00. Du kan sjå messa på NRK TV eller NRK radio, direkte og i opptak.

NRK sender en rekke gudstenester i jula. Finn oversikt over alle her.

Les heile preika her

Evangelietekst: Evangeliet etter Johannes kapittel 1, vers 1-14.

 

Ord er sterke saker. Ord kan skape liv. Ord kan berge liv. Ord kan øydeleggje liv.

Betyr ord verkeleg mykje? Og kva slags ord treng vi, i desse tider?

Verdas leiarar har i haust diskutert enkeltord som kan bli avgjerande no og for vår felles framtid. Våpenpause eller våpenkvile? Det diskuterte dei i FN. På klimatoppmøtet diskuterte dei lenge nokre få ord i formuleringane før dei vart ferdige. Det er historisk at to ord, «fossil brensel», kom inn i slutteksten.

Jon Fosse gjorde stort inntrykk på oss då han heldt sitt Nobel-foredrag. Han sa at fleire har fortald han at litteraturen hans har berga livet deira. Når ord vert sanne om livet og døden, kan dei det. Då har dei også noko nådig ved seg.

Ikkje berre vel formulerte forfattarord kan berge liv. I Kirkens SOS har ein mykje å gjere i jula når mange vert åleine med sine tankar og kjensler. Ord frå menneske til menneske, kan gje håp, endå til berge liv.

Vi kan alle gi kvarandre livsmot ved å dele sanne ord om livets realitetar.  Vi treng ord som er både sanne og nådige.

Ord kan bety noko, ord skal bety noko.

I år treng vi verkeleg at orda om «fred på jord» skal bli sanne. Svært mange knugar seg fast i det håpet.

Første juledag møter vi ord som styrkjer oss i det: «Lyset skin i mørket, og mørket har ikkje overvunne det.» «Vi såg hans herlegdom, full av nåde og sanning.»

Julebodskapen seier oss at ord vert røyndom, enten det er i forteljinga om fødselen, eller det er i dette vakre diktet om Ordet som vart menneske. Guds tankar med oss og gode vilje med heile skaparverket kom til oss gjennom eit menneske, ja, som eit menneske. 

Guds Ord fekk bokstavleg tala kjøt på beina. Jesus har vist i sitt møte med sine medmenneske kva nåde og sanning er for noko.  Dei priviligerte og dei mektige i hans tid trengte å høyre den utfordrande sanninga. Dei utstøytte, dei sårbare, og dei vanlege – som hyrdingane i Betlehem, høyrde ord som reiste dei opp slik at sanninga kom fram: Dei var menneske Gud hadde glede i. Ja, nettopp dei.

Også vi treng ord som gir oss både nåde og sanning. For dei orda viser oss Guds vilje, Guds kjærleiks vilje i ei mørk verd. 

Vi menneske må ta ansvar og gjere noko med dei kriser vi menneske skaper, kvar for oss, og sammen. Sjølv om vi kanskje spør fortvila: Gud, kvar er du no, i Ukraina, blant gissel og såra menneske i Gaza?

Det er mange ord vi brukar som ikkje formidlar nåde eller sanning. ord som er harde og øydeleggjande. Ikkje minst ser vi det i tider med konflikt og når mange kjenner seg utrygge.  Jødar fortel om nye uttrykk for anti-semittisme, også her til lands. Muslimar fortel om trakassering og forakt. Samer fortel at etter at rapporten om fornorskningspolitkken vart presentert i juni i år, er det vorte meir, ikkje mindre, samehets. Sjølv om rapporten har tittelen «sannhet og forsoning».

Nåden dekkjer aldri over hets og hat, over løgn og bedrag, eller over terror og krig. Nåden kjem med sanninga om livet. Men det er som når det er som verst, då treng vi begge deler som mest, både sanning og nåde. For at vi menneske skal snu, i tide.

Vi treng alle nåde og sanning. Det kjem til oss gjennom Guds ord. Også denne jula.  

Nyleg avdøde diktar og sanger Ole Paus har uttrykt det på ein måte mange har kjent seg att i:

Hvem orker å se meg som den jeg er

Og elske meg som en sønn

Det begynner å ligne et liv dette her det begynner å bli en bønn.

Kvar møter vi nåden og sanninga?

Jula er ei høgtid som på ulike måtar gir oss ei anna tid og eit anna rom, der også slike ord kan få plass. Det eg kanskje set mest pris på av juleskikkar, er å få ei personleg helsing med dei beste ønskje om ei god jul. Eg les det som eit enkelt og vakkert uttrykk for at vi ønskjer at både nåden og sanninga skal få plass i våre relasjonar til kvarandre.

Kyrkjene rundt omkring i Noreg har i snart tusen år gitt menneske slike annleis rom, ei høgtid midt i det som av ulike grunnar er mykje «lågtid» i livet. I kyrkjeroma har ein møtt andre ord – og det har alltid vore song og musikk der. Når vi feirar nattverd møter vi Ordet som tok bustad mellom oss.

Gud er her, også når vi ikkje forstår, verken Gud eller den verda vi lever i. Men Gud vil frelse oss, slik at også våre ord kan berge liv.

Difor lagar vi i kyrkja eit ekko av den første julesongen:

Ære vere Faderen, Sonen og Den Heilage Ande, vår skapar, frelsar og livgjevar, som var, er, og vere skal, èin sann Gud frå æve og til æve. Amen

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"