Velkomen til kyrkja!

Vi feirar advent og jul i kyrkjer over heile landet. Du er hjarteleg velkomen inn! Kyrkja legg til rette for ei god og trygg oppleving.

Kyrkja har rom for deg i advent- og juletida. Foto: Bo Mathisen/Den norske kyrkja

I kyrkja kan du få gode konsertoppplevingar, kjenne på fellesskapet i ei gudsteneste eller finne roen i ei stille kyrkje. Kyrkjedørene er opne for håp, trøst og tru. Med avstand og munnbind sikrar saman vi ei trygg oppleving.

Kyrkja følger ein nasjonal smittevernrettleiar. Her står det mellom anna:

  • Dei fleste stadene vil du få tilvist ein fast plass som du må sitje på
  • Du må oppgje namn og telefonnummer når du kjem til kyrkja, for smittesporing
  • Bruk munnbind når du bevegar deg, til dømes når vi går inn og ut av kyrkja

 

Ein meter avstand

Vi er alle tilråda å halde ein meter avstand. I tillegg har styresmaktene vedteke avgrensingar på kor mange som kan vere samla saman i eitt rom. Kor mange som kan vere samla i kyrkja, vil variere frå kyrkjerom til kyrkjerom, for nokre kyrkjerom er store og mektige – andre er små og intime.

Nokre stader vil det vere påmelding til julegudstenestene. Sjå gjerne på nettsida til kyrkja der du bur, for å finne ut kva som gjeld der du bur.

Følg med lokalt

Kommuner kan sjølv vedta strengare reglar for smittevern enn dei nasjonale reglane. Det kan difor bli lokale variasjonar for kva reglar som gjeld. Er du i tvil om kva som gjeld der du bur, kan du kontakte kyrkja lokalt.

Finn ditt arrangement på skjerikyrkja.no

Skjerikyrkja.no er Den norske kyrkja si oversikt over arrangement og aktivitetar der du bur. Her finner du alt fra tradisjonsrike julegudstjenester, til vakre julekonserter og stemningsfulle julevandringer. Sjå full oversikt på skjerikyrkja.no.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"